Bacău
Bacău (/ba'kəw/) er hovudstaden i Bacău fylke i Romania. Han har om lag 145 000 innbyggjarar og ligg i den historiske regionen Moldavia, ved foten av Karpatane og elva Bistrița. Like etter Bacău munnar elva ut i Siret. Gjennom Ghimeșpasset er Bacău knytt til Transilvania.
Bacău | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Bacău | ||
Først nemnd i | 1408 | ||
Borgarmeister | Romeo Stavarache | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
43,1 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
136 087 3 157,5 /km² | ||
Koordinatar | 46°35′0″N 26°55′0″E / 46.58333°N 26.91667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 600xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 34 | ||
Bilnummer | BC | ||
Nettstad: municipiulbacau.ro |
Historie
endreByen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1408 under regjeringstida til den moldaviske fyrsten Alexander den gode (Alexandru cel Bun). Opphavet til namnet er uklårt, men eit mogeleg opphav er at namnet kjem frå ein ungarsk krovert kalla Bakó, som visstnok hadde eit vertshus langs vegen frå Bacău til Roman. Ein annan teori er at namnet har slavisk opphav og viser til det urslaviske ordet byk, som tyder «okse».
Frå rundt 1591 til 1789 var byen sete for biskopen av Bacău, ei stilling som alltid vart halde av ein prest frå Det polsk-litauiske samveldet. Under den første verdskrigen og okkupasjonen av București av Sentralmaktene var Bacău hovudkvarteret for den rumenske hæren.
Busetnader
endreBacău er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Bacău | 144 307 | 136 087 |
Storbyområde
endreDet blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Bacău, bykommunen Buhuși (oraș) og dei mindre kommunane (comună) Berești-Bistrița, Buhoci, Faraoani, Filipești, Gioseni, Hemeiuș, Itești, Izvoru Berheciului, Letea Veche, Luizi-Călugăra, Măgura, Mărgineni, Gârleni, Odobești, Prăjești, Sărata, Săucești, Secuieni, Tamași, Blăgești, Horgești og Traian.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bacău» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 23. april 2022.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.