Urslavisk

rekonstruert urspråk

Under namnet urslavisk forstår ein eit skriftleg uattestert, rekonstruert urspråk alle dei slaviske språka utvikla seg frå. Rekonstruksjonen var mogleg ved å bruke komparativ metode til moderne og gamle slaviske språk, og til andre indoeuropeiske språk, særleg dei nærskylde baltiske språka. Det slaviske språket skulle vere snakka mellom 400- og 800-talet. Etterpå byrja dei austlege, vestlege og sørlege dialektane å skilje seg frå einannan nok til at språkleg fellesskap vart brote.

Språket har utvikla seg veldig dynamisk under den urslaviske perioden, når slaviske folk voks i Austeuropa. Sjølv om dialektfragmentering byrja tidleg i laupet av denne perioden, vart allmen gjensidig forståing behalden. Då tok fleire ljodvekslingar plass og spreidde seg ganske jamt over dialektane. Nær skyldskap mellom slaviske språk er framleis synleg.