Ein bakhsh (farsi بخش) er eit undernasjonalt område i Iran. Det vert stundom omsett som fylke, men det er meir nøyaktig å kalle det eit distrikt.

Kart over bakhshane i Hamedan provins.

Iran er delt inn i provinsar, som vidare er delte inn i fleire shahrestan eller fylke. Kvart fylke er så delt inn i eitt eller fleire bakhsh eller distrikt.[1] Ein bakhsh består vanlegvis av eit titals landsbyar med ein sentral by. Leiaren av ein bakhsh vert kalla ein bakhshdar.

Det er vanlegvis eit par byar (farsi شهر, šahr) og dehestan (landsdistrikt) i kvart fylke.

KjelderEndra

  1. Gwillim Law (1. oktober 1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference, 1900 through 1998. McFarland. s. 183. ISBN 978-1-4766-0447-3.