Bakhtegansjøen
Bakhtegansjøen (persisk دریاچۀ بختگان) var ein saltsjø i Fars sør i Iran, kring 160 km aust for Shiraz og 15 km vest for byen Neyriz.
Bakhtegansjøen | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Korelva | ||
Koordinatar | |||
Areal | 3 500 km² | ||
![]() Bakhtegansjøen | |||
Wikimedia Commons: Bakhtegan Lake | |||
Bakhtegan hadde eit areal på 3 500 km² og var den nest største innsjøen i landet. Han fekk vatn frå Korelva.[1] Fleire demningar i Korelva har kraftig redusert vasstilførselen til innsjøen, auka saltinnhaldet og gjort bestanden av flamingoar og andre trekkfuglar utryddingstruga i området.[1] Bakhtegansjøen er no fullstendig tørrlagd på grunn av demningane.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Bakhtegan Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: