Bakken gard er ein nedlagt fjellgard ved nordsida av Lysefjorden i Ryfylke. Stavanger Turistforening driftar våningshuset som ei sjølvbetjent hytte for fotturistar. Staden ligg ca. 18 kilometer inn i Lysefjorden, bratt opp frå sjøen, 173 moh. Han ligg i rutenettet for fotturar rundt Lysefjorden, mellom Preikestolen fjellstue og Songedalen fjellgard. Gangvegen mot vest til Preikestolen fjellstue går via Bratteli, og mot aust til Songedalen via Songesand.

Våningshuset, Bakken fjellgard, ferdig oppført 1931, restaurert 2019-2020. Bilete frå juni 2020.
Bakken kai

Ved sjøen ligg Bakken kai, som har anløp av hurtigbåt og turistferje. Frå kaien går det ein taubane for varetransport opp til garden.

Tidlegare har plassen vore nemnt Songesandbakken og Svebakken. Sve tyder garden som blei rydda.[1]

Historie endre

Det er funne sommarløer frå første halvdelen av 1600-talen på staden. Ein reknar at rydding av garden tok til frå slutten av 1700-åra[2] og eit første fjøs er datert til 1792.[3] Grunneigar i området var bispesetet i Kristiansand, men jorda var bygsla til bonden som drifta hovudgarden i Songesand. Bakken var frå starten ein husmannsplass under Songesand, kjøpt fri i 1841.[4] Etter det var busettarane på Bakken leiglendingar og betalte mellom 10 og 20 kroner årleg i jordleige til bispesetet. Midt på 1920-talet kjøpte Bakken-folket garden med utmark.

Den økonomiske avkastinga av gardsdrifta kunne komme av sal av overskot av smør, kjøtt og vadmål. Elles hadde folket tilskot frå jakt og fiske til eiget bruk. Garden gav grunnlag for ca. seks til sju kyr, 20-30 sauer og lam, samt geiter. Den siste generasjonen dreiv med to kyr, og dei siste åra utan geiter.[5] I dette området var det vanleg å bruke innmarka til korndyrking fram til første verdskrigen, men på Bakken dyrka dei ikkje opp innmarka før verdskrigen og folket der kjøpte alltid korn til hushald. I tillegg til grasfôr frå innmarka, brukte dei gras samla til fjells i utmark, lauv, skav og lyng om naudsynt til husdyrhaldet. Det var aldri nytta hest eller maskinar til gardsdrifta, men den næraste elva Skurvåna (Brattliåna) gav kraft til kvern, sagbruk og elektrisitetsproduksjon. Den siste bonden på garden bygde kraftverket. Ei smie var plassert under ein hellar ikkje langt frå gardsbygningane.

Den første taubanen blei installert ca. 1935 og i 1937 blei kaien bygd slik at rutebåten DS «Høgsfjord 1» kunne legge til for å losse varer og sette av passasjerer.

Under andre verdskrigen blei Bakken og næraste husmannsplass brukt til motstandsarbeid.

Bakken gard var turmål for fotturistar gjennom heile 1900-talet, mest sommarstid og i påsken.[2] Så mange som 100-200 årlege gjestar vart tatt i mot av vertskapet på garden, slik at Bakken kan kallast turiststasjon lenge før Stavanger Turistforening tok over drifta frå hausten 2018.[6]

Den siste eigaren av Bakken, Johannes Bakken, flytta frå garden i 1973. Han gav eigedomen med utmark, ca. 20 000 mål, samt bygningane til Forsand kommune.[7] Lausøyre, gardsinventar og upubliserte skriftlige arbeid blei tatt hand om av Forsand bygdemuseum. Gjenstandane frå garden utgjer det meste av utstillinga på museet.[8]

Kjelder endre

Referansar
  1. sve, oppslag i nynorskordlista
  2. 2,0 2,1 H. M. Hansen, side 9
  3. H. M. Hansen, side 14
  4. H. M. Hansen, side 19
  5. H. M. Hansen, side 101
  6. Slik blir nye Bakken Nettside hos DNT, 7. september 2018, henta 21. juni 2020
  7. H. M. Hansen, side 148
  8. Museum Nettside hos Forsand kommune, 15. desember 2010, henta 21. juni 2020

Bakgrunnsstoff endre