Stavanger Turistforening
Stavanger Turistforening (STF) er eit lokallag av Den Norske Turistforening (DNT). STF har nær 18.000 medlemmer, og 32 hytter i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark. Mellom hyttene er ca. 1000 km sti varda og merkt med den raude T'en.
Blant dei mest kjende hytter til SFT er Haukeliseter og Preikestolhytta.
I tillegg til å byggje og drifte hytter og løyper, arrangerer STF også mange turar, kurs og andre arrangement. I 2005 vart det arrangert over 300 turar og andre arrangement. STF har også ei aktiv ungdomsgruppe, tilknytt DNT-Ung.
Historie
endreStavanger Turistforening vart stifta i 1887. Den første hytta, Vartskestadmoen, vart reist i 1891, og utover i 1900-åra fekk Laget eit godt utbygd hytte- og rutenett.
Stavanger Turistforening sine hytter
endre- Bakken gard
- Vartskestadmoen
- Blåfjellenden
- Børsteinen
- Eidavatn
- Flørli (2 hytter, Flørlistølen og Flørli turiststasjon)
- Grasdalen
- Haukeliseter
- Holmavatn
- Hovatn
- Kringlevatn
- Krossvatn
- Kvanndalen
- Kvilldal
- Langavatn
- Litle Aurådal
- Melands Grønahei
- Mostøl
- Nilsebu
- Preikestolhytta
- Sandsa
- Sandvatn
- Stakken
- Storevatn
- Storsteinen
- Stranddalen
- Støle
- Taumevatn
- Tomannsbu
- Vassdalstjørn
- Viglesdalen
- Ådneram
Utleigehytter:
- Flørlistølen
- Gaudland
- Heiberghytta Grautheller
- Skåpet
- Vatnegården