Bakı Kristal Zalı
(Omdirigert frå Baku krystallhall)
Bakı Kristal Zalı (aserbajdsjansk for Baku krystallhall) er ein innandørs fleirbrukshall i Baku i Aserbajdsjan. 25. januar 2012 vart det klårt at hallen ville vere arena for Eurovision Song Contest 2012. Hallen skulle opne 31. mars 2012, men opninga vart utsett til 16. mai på grunn av vêrforholda.
Bakı Kristal Zalı | |||||
Stad | Baku i Aserbajdsjan | ||||
Kapasitet | 25 000 | ||||
Arkitekt | Alpine Bau Deutschland | ||||
Pris | 6 millionar AZN | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Hendingar | |||||
Mogleg terrormål
endreTryggingsdepartementet i Aserbajdsjan hevda at dei hadde avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskear og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.[1][2]
Fotnotar
endre- ↑ NRK, 30.05.12: Hevder å ha avverget terror
- ↑ ABC Nyheter, 30.05.12: - Toojis hotell var terrormål, arkivert frå originalen 1. juni 2012, henta 30. mai 2012
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bakus kristallhall» frå Wikipedia på svensk, den 14. september 2011.