Opna hovudmenyen

Balata al-Balad (arabisk بلاطة البلد) er ein palestinsk forstad til Nablus, nord på Vestbreidda, 1 km aust for sentrum av byen. Han var tidlegare ein eigen landsby og vart ein del av Nablus kommune under Jordan sitt styre av området (1948-1967).[1]

Balata al-Balad
بلاطة البلد
kommune
Namneopphav: Balata-landsbyen
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°12′41.65″N 35°16′58.56″E
Areal 0,1 km²
Folketal 5 500 (1996)
Folketettleik 55 000 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Balata

Innhaldsliste

EtymologiEndra

Namnet på landsbyen kjem frå namnet på ein gammal arabisk landsby, og er bevart av dei lokale innbyggjaraneref name=Mazarp53/>

Landsbynamnet er nemnt i dokumenta til Eusebius (død kring 339) og Jerome (d. 420), som Balanus eller Balata.[2][3]

HistorieEndra

Histora til landsbyen Balata er knytt til Jakob-brunnen og Josefsgrava. Kyrkja bygde kring Jakob-brunnen og landområdet til landsbyen Balata høyrte til benediktinar-noner frå Betania på 1100-talet.[4] Dokument frå tida kring krosstoga indikerer at Balata, òg kalla Balathas, var ein frankisk busetnad.[5]

 
Panorama av Balata Al-Balad

KjelderEndra

  1. Abujidi, 2014, s. 96.
  2. Conder, 1878, 2004 edition, s. 70.
  3. Forlong, 1998, s. 343.
  4. Pringle, 1993, s. 258.
  5. Ellenblum, 2003, s. xix, 224.

BakgrunnsstoffEndra