Balbina Del Carmen Herrera Araúz fødd 24. november 1954)[1] er ein panamansk politikar som var presidentkandidat i Panama i 2009. 3. mai 2009 tapte ho valet til sentrums-høgrekandidaten Ricardo Martinelli.[2]

Balbina Herrera

Fødd24. november 1954 (70 år)
Panama by
Statsborgar avPanama
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Panama

Ho var borgarmeister for San Miguelito, kongressmedlem og president for nasjonalforsamlinga (1994-1995)[3] som representant for Partido Revolucionario Democrático (PRD).

Herrera blei vald til president i nasjonalforsamlinga i 1994 som den fyrste kvinna i stillinga.[4][5] Ho var òg formann i den parlamentariske handelskommisjonen i 1998, og bad medisinske selskap å ta kontroll over stigande prisar om dei ikkje ville ha offisiell priskontroll.[6]

Under presidentskapet til Martin Torrijos (2004-09) var Herrera bustadsminister.[7]

Kjelder

endre
  1. Sara Miller Llana. «Conservative supermarket tycoon wins Panama vote». Arkivert frå originalen 18. oktober 2016. Henta 4. november 2012. 
  2. Lina Vega Abad (4.mai 2009). «Cifras, techos y realidades». La Prensa (på spansk). Arkivert frå originalen 8. mai 2009. Henta 4. mars 2009. 
  3. PALABRAS LLANAS - 50 años de visión y Compromiso (1906-2006)
  4. Michelle Ray Ortiz. «Panama Could Have 1st Woman Leader». Associated Press. Arkivert frå originalen 29. juni 2014. Henta 4. november 2012. 
  5. Silvio Hernandez. «Backlash Against Spiraling Pharmaceutical Prices». Inter Press Service. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 4. november 2012. 
  6. Silvio Hernandez (13. november 1998). «Backlash Against Spiraling Pharmaceutical Prices». Inter Press Service. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 4. november 2012. 
  7. Kathia Martinez (8. september 2008). «Panama's ruling party picks woman for president». USA Today. Associated Press. Arkivert frå originalen 9. mars 2016. Henta 4. november 2012.