Opna hovudmenyen
República de Panamá

(norsk: Panama, panamansk)

Det panamanske flagget Det panamanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Himno Istmeño»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Panama
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Panama by
Styresett
Republikk
Juan Carlos Varela
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
75 420 km² (117.)
2,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 753 142 (128.)
49,8 /km² (130.)
Sjølvstende
  - Erklært
frå Colombia
3. november 1903
Nasjonaldag 3. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
82 180 mill. USD (86.)
21 800 USD (64.)
Valuta Balboa
Tidssone UTC -5
Telefonkode +507
Toppnivådomene .pa


Panama er ein republikk i Latin-Amerika og ligg heilt sør i Mellom-Amerika med grense til Colombia i aust og Costa Rica i vest og kyst mot Atlanterhavet i nord og Stillehavet i sør. Panama er eit transkontinentalt land og ligg som ei bru mellom Nord- og Sør-Amerika.

Den relativt unge republikken var ein del av Colombia fram til 1903. Frå 1999 overtok Panama kontrollen over Panamakanalen og landområdet rundt, som bind saman Atlanterhavet med Stillehavet og utgjer ein viktig og strategisk del av landet.

Kart over Panama

NamnEndra

Namnet «Panama» (spansk Panamá, IPA [re'puβlikte ðe pana'ma]) er av indiansk opphav frå eit ord som tyder 'overflod av fisk' eller 'overflod av sommarfuglar'.

GeografiEndra

 
Anconhøgda i Panama

Panama høyrer både til Mellom-Amerika og Sør-Amerika, med kyst mot Atlanterhavet i nord og Stillehavet i sør. Det har grense mot Colombia i aust og Costa Rica i vest. Det smale landet går frå vest til aust, og har Stillehavet i sør, og Det karibiske havet i nord, og om ein seglar frå Europa til Asia endar ein faktisk opp lenger aust etter å passert Panamakanalen.

KlimaEndra

Panama ligg nærare ekvator enn dei andre landa i Mellom-Amerika, og har enno mindre årlege skilnadar i temperaturen. I havnivå er det varmt og fuktig året rundt. Den verste varmen byggjer seg opp mot slutten av tørketida, som varer om lag frå januar til april. På nordvestkysten kan av og til nordavind utløyse store nedbørsmengder òg i denne tida. Generelt sett er dei vestlegaste og dei austlegaste områda dei våtaste i landet, og mest regn kjem det i oktober og november, men ikkje i samband med orkanar, som ikkje er ein alvorleg trugsel i dette området. Høgare område i Cordillerafjella har ein lågare temperaturar på både dagtid og nattestid, og ein kan få kjølige netter.

PanamakanalenEndra

 
Panamakanalen, Gatun-slusene

Panamakanalen er ein stor kanal som går gjennom den smalaste delen av Panama og gjer det mogleg for skip å ta «snarvegen» frå Atlanterhavet til Stillehavet og omvend via Gatúnsjøen. 5 % av verdshandelen går gjennom kanalen, som blei opna 15. august 1914.

Panamakanalen er vel 81 km lang. Han har to sett med sluser på stillehavssida, Miraflores- og Pedro Miguel-slusene, og eit, Gatun-slusene, på atlanterhavssida. Kvart slusekammer er 305 meter langt, 33,5 meter breitt og 26 meter djupt. Nemninga Panamax blir brukt om dei største skipa som kan passera gjennom kanalen.

Kanalen har to løp slik at det kan gå skip i begge retningar samstundes. Høgdeskilnaden frå havet til Gatunsjøen er 26 meter. Det blei teke ut 14 gonger meir masse då Panamakanalen blei bygga enn då Suezkanalen blei til.

HistorieEndra

Panama blei kolonisert av Spania i 1510. Etter 300 år, i 1810, blei Panama sjølvstendig. I 1821 blei Panama ein del av Colombia, men blei igjen ein sjølvstendig stat i 1903. Landet blei oppfordra av USA i samband med den amerikanske planen om å byggja ein kanal mellom dei to verdshava. Columbianarane sette i gang med utgravinga i 1880, og seinare blei arbeidet teke over av Frankrike, som hadde røynsle frå utgravinga av Suez-kanalen. USA innsåg snart den strategiske og økonomiske tydinga av staden, og ynskte full kontroll over kanalen og kanalområdet. Difor leigde USA kanalen og kanalområdet frå Columbia frå 1903. I 1904 kjøpte USA graveutstyret av franske graveselskap og vidareførte gravearbeidet. Kanalen vart ferdig i 1914, og blei opna for skipsfart same året. Colombia anerkjenner Panama som sjølvstendig stat i dag, og dette var ein del av avtala som USA inngjekk med Colombia (den såkalla Thomson-Urrutia Treaty-avtala) i 1921.

Frå 1969 til 1978 var det militærstyre i Panama. Det førte ein liberal bankpolitikk som gjorde landet til eit finanssentrum i området. I 1977 sikra Panama ei avtale med USA. Denne sa at Panama skal ha den økonomiske kontrollen over Panamakanalen innan år 2000. Det var sivilt styre i 1978, og politiske parti blei tillatne igjen. I 1979 overtok Panama kanalsona. Manuel Noriega blei hærsjef og den eigentlege leiaren i landet i 1984. Opposisjonen vann truleg valet, men Noriega annullerte det. Dette førte til at USA invaderte Panama og innsette Guillermo Endara som president. I 1990 blei Noriega teken til fange og utlevert til USA.

Politikk og administrasjonEndra

Panama er eit parlamentarisk demokrati med tre maktinstansar: utøvande, lovgjevande og ei uavhengig dømmande grein. Dei utøvande og lovgjevande greinene blir vald for ein femårsperiode kvar. Den utøvande greina består av ein president og to visepresidentar, medan den lovgivande greina består av 78 representantar som dannar parlamentet. Den dømmande greina av demokratiet er organisert under ein høgsterett med ni medlemmar. Alle panamanarar over 18 år er lovpålagde å røysta ved val, men blir ikkje rettsleg forfølgd om dei ikkje røyster.

Presidenten i Panama har sitt offisielle kontor i Palacio de las Garzas («Hegrepalasset»).

Administrativ inndelingEndra

 
Dei ni administrative regionane i Panama

Panama er inndelt i 10 politiske administrative provinsar:

  • Bocas del Toro
  • Chiriquí
  • Coclé
  • Colón
  • Darién
  • Herrera
  • Los Santos
  • Panamá
  • Panamá Oeste
  • Veraguas

ØkonomiEndra

På grunn av den geografiske nøkkelposisjonen sin har Panama ein servicebasert økonomi, med bankdrift og turisme som viktige næringar. Dette står for om lag 80 % av bruttonasjonalproduktet. Overtakiga av drifta av Panamakanalen i 1999 har vore med på å gje næring til auka økonomisk interesse i landet.

BNP-veksten for år 2000 var ca. 23 % mot 3,0 % i 1999. Men sjølv om Panama har høgast BNP per innbyggjar i Mellom-Amerika lever omtrent 40 % av folkesetnaden i fattigdom, og arbeidsløysa ligg på 14 %.

KulturEndra

 
Ein tradisjonell panamansk bygning

Panamansk kultur er utleidd frå musikk, kunst og tradisjonar som spanske kolonistar hadde med seg frå Europa. Mykje av den lokale kulturen stammar frå europeisk kultur som har blanda seg med afrikansk og førcolombiansk kultur. Eit døme på dette eit tamborito, som er ein spansk dans blanda med indianske rytmar, tema og dansesteg. Denne dansen er eit symbol på ulike kulturar som smelta saman i Panama. Lokalt er det populært å framheva festivalar, dansar og tradisjonar som er blitt overleverte frå generasjon til generasjon. Utanfor Ciudad de Panamá (Panama by) blir det halde regionale festivalar heile året gjennom, med vekt på å lokale musikarar og dansarar.

Panamansk kultur gjenspeglar seg i tradisjonelle produkt som treskjering, seremonielle masker og leirarbeid, så vel som i arkitektur og dei lokale og regionale festivalane. Mange mindre landsbyar livnærer seg, og er avhenginge av, turismen, mellom anna ved å selja slike produkt.

Eit døme på unik panamansk kultur stammar frå kunafolk, molas. Mola er eit ord kunafolk brukte på bluse. Molas er kunststykke laga av kvinnene i kunastammen gjennom at fleire lag med stoff i ulike fargar er lett sydd saman.

UtdanningEndra

I 1970 var ca. 21 prosent av folkesetnaden over 15 år var analfabetar. I byane var talet 6 prosent, på landbygda 38 prosent. Det var fleire analfabetar blant kvinner enn menn.

Det er 9 års skuleplikt i landet (6-15). Grunnskulen varer i 6 år og den vidaregåande i 3 pluss 3 år. Panama har eit statsuniversitet med ca. 20 000 studentar og eit privat katolsk universitet, Santa Maria la Antigua, med ca. 1000 studentar. Statsuniversitetet blei grunnlagt i 1936, medan det katolske universitet blei grunnlagt i 1965.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra