Band i båt
Band er nemning på tverrstivarar i ein lett trebåt bygd i klinkbyggingsteknikk.
Band vert ofte feilaktig kalla «spant», men inngår i båtskroget på ein heilt annan måte: Båtbyggjaren byggjer opp (nokre av) bordgangane («plankane») i båtskroget først, og set deretter inn (delar av) banda. Hovudstyrken og hovudforma i skroget vert danna av at borda er klinka saman langs kantane, og difor dannar eit samanhengande skal (som er årsaka til at klinkbygging ofte vert kalla for skalbyggingsteknikk). Banda kan lagast tilsvarande tynne og lette, og plasseringa av dei kan varierast, meir ut frå kva for eit bruk ein ynskjer av båten, enn av behov for styrke. Det er døme på at band er flytta i båtar når behova har endra seg, og at båtar som skal vera ekstra lette og rørlege har ekstra få band. Båtar av same storleik og type kan vera «framrømt» eller «bakrømt» etter korleis banda er sett inn i båten; dei kan med vilje setjast langt framme eller langt bak i båten.
Band kan ha fleire ulike former, og det kan brukast sjølgrodde emne i vekslande grad i desse. Dei to hovudformene for band er band med tverrbjelke, helst kalla bite eller bete, og band utan. (Ein bite kan òg vera ein tverrbjelke i eit hus.)
Den lettaste og sterkaste forma for band utan bite var eit band skore ut av ein einaste krok, slik at det gjekk ubrot frå overkant til overkant i båten. Band med bite har eit – helst sjølgrodd; underband, og biten om lag halvveges oppe i båten. Opp frå biten går opplennene eller opplengarane, dei delane som bognar oppover borda mot overkanten til båten.
Begge sidene av biten skal lagast av sjølgrodde emne, og helst slik at den eine eller begge både dannar opplengaren på si side, og dessutan går tvers over heile båten som sjølve biten. I ein del moderne båtar har nytta av sjølgrodde emne vorte liten; underbanda er ofte skore ut av rettvekste plankar, og er difor tjukkare enn før (utan at dei vert riktig så sterke som sjølgrodde!), ingen av opplengarane utgjer heile biten, men er skøytt til denne på begge sider, og biten som ein eigen trestokk. Av og til er biten berre eit bord som går tvers over båten, og ingen delar av bandet er sjølgrodd.
Botnbanda er ikkje feste til kjølen. Det vil føre til ein stivare båt, noko som er uheldig.[1]
Dei ulike banda i ein båt har ulike namn. Det kan variere etter landsdel, båttype og båtstorleik.
Innsetting av band
endre-
Bordprofilen vert ført over til eit band-emne. Til dett vart det gjerne brukt ein mid, eller mé(d), ein toarma jarnreiskap[2]
-
Fellinga mot borda kan formast med bandsag eller øks. Her vert eit stort band på ein sunnmørsottring tilhogge.
-
Band i ein delvis oppborda sunnmørsottring vert tilpassa
-
Batbyggar Sigurd Bjørkedal borar hol for trenaglar gjennom band og bord.
-
Bandnaglen vert slegen gjennom bord og band frå utsida
-
Bandnaglane er på plass i banda. Klart til åretting
-
Bandnaglane er åretta, og bandet er fast.Det har gjerne vorte venta med å skjere av den åretta naglen. Han kunne ha tørka under arbeidet, og kunne festast endå betre.[3]
-
Band, betar og esingar har kome på plass. Båten er oppborda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Band (i båt)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2020.
Fotnotar
endre- ↑ Håvard Haraldson Hatløy (2023). Årbok for Sunnmøre 2023. Volda: Sunnmøre historielag. s. 104. ISBN 978-82-90053-28-9.
- ↑ Jakob D. Bjørkedal (1987). Båtbygging på Bjørkedalen, Ord og uttrykk. Volda: Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda. s. 20 - 21. ISBN 82-90155-66-2.
- ↑ Bernhard Færøyvik (1987). «Båtbyggaren i arbeid». I Øystein Færøyvik. Vestlandsbåtar : Frå oselvar til sunnmørsåttring. Grøndahl. ISBN 82-504-0857-8.