Bandet Louis XIV
Louis XIV var eit amerikansk rockeband frå San Diego i California.
Louis XIV | |||
Louis XIV på Emo's i Austin under South by Southwest (2008) | |||
Opphav | San Diego i California | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2003–2009 | ||
Sjanger | Post-punk revival Garage rock revival Indie rock | ||
Plateselskap | Atlantic | ||
Tidlegare medlemmer | Jason Hill Brian Karscig Mark Maigaard James Armbrust |
Bandet bestod av songar og gitarist Jason Hill, gitarist Brian Karscig og trommeslagar Mark Maigaard og dei skipa gruppa i april 2003 medan dei budde i Paris. Bassist James Armbrust kom med i bandet kort tid etter.
Det første albumet kom ut i november 2003, kalla opp etter bandet, spelt inn i Paris. Bandet gav ut ein EP i januar 2005 etter at dei kom attende til California og følgde opp med eit fullt album i mars kalla The Best Little Secrets Are Kept. I 2005 kalla NME bandet «music to flunk rehab to», medan Rolling Stone og MTV kalla dei eit av dei ti beste banda å sjå.[1] I 2007 bad David Bowie og Alicia Keys bandet om å spele på den veldedige konserten BlackBall for Aids in Africa. Bowie kalla då Louis XIV eit av favorittbanda hans av nye band.
Bandmedlemmane Jason Hill og Brian Karscig song på tre songar på The Killers-albumet Sam's Town frå 2007.
The Distances from Everyone to You, ein ny EP, kom ut på iTunes Store i september 2007. Bandet vart oppløyst i 2009.
Medlemmar
endre- Jason Hill – vokal, bass, gitar, piano, lydteknikar, produsent
- Brian Karscig – vokal, gitar, bass, piano
- Mark Maigaard – trommer
- James Armbrust – bass
Diskografi
endreAlbum
endre- Louis XIV (November 2003), Pineapple Recording Group
- The Best Little Secrets Are Kept (22. mars 2005), Atlantic – #24 U.S. Billboard 200
- Slick Dogs and Ponies (29. januar 2008), Atlantic
EPar
endre- PINK EP (2004), Pineapple Recording Group
- BLUE EP (2004), Pineapple Recording Group
- Illegal Tender (25. januar 2005), Pineapple Recording Group/ Vice Records
- The Distances from Everyone to You (11. september 2007), Atlantic
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Louis XIV (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rolling Stone 4/2005