MTV (Music Television) er ein amerikansk musikk-tv-kanal basert i New York. Han vart lansert 1. august 1981 for spele musikkvideoer på lufta med kjente VJ-ar.

Michael Jackson var den første svarte artisten som viste musikkvideoane sine på MTV. Takket vere Jackson, vart MTV til noko heilt anna.[1] MTV kom med ei kunngjering i 2009 der dei sa: «MTV laga ikkje Michael Jackson, han laga oss. Ingen andre rocka VMA som han gjorde! Full respekt frå MTV»[2]

John Lack som leia opningsshowet sa følgjande «Ladies and gentlemen, Rock and Roll», og den første musikkvideoen som vart spelt var The Buggles med «Video Killed the Radio Star». Den andre videoen som vart spelt, og som ikkje vart like kjend, var Pat Benatar med «You Better Run».

I dag spelar MTV eit avgrensa utval av musikkvideoer, noko ein òg kan sjå på MTV Norge. Utover 1990-talet vart det satsa meir på seriar og røyndomsdrama retta mot tenåringar og unge vaksne. Dette auka ytterlegare etter millenniumskiftet, noko som gjekk på kostnad av kanalen sine musikkvideoar. I 2010 avgjorde kanalen seg å distansere seg frå omgrepet «Music Television», men ville likevel halde det gamle namnet. MTVs sin marknadssjef Tinte Exarhos uttalte i den samanhengen at: «Dei som ser på kanalen i dag refererer ikkje til MTV som ein musikkanal. Det har ikkje lenger den same emosjonelle sambandet».[3]

Sidan lanseringen har MTV revolusjonert musikkbransjen med slagord som «Eg vil ha min MTV», noko som har vorte eit særs kjent slagord, og er mykje brukt på folkemunnane. Konseptet med Video Jockey vart populært, og ideen om ein dedikert video-basert stikkontakt for musikk vart lansert, og både artistar og fans fann ein sentral stad for musikkarrangement, nyhende og tilbod. MTV har òg vore referert utalde gonger i populærkulturen av musikarar, andre TV-kanalar og-program, filmar og bøker.

MTV har seinare skapt mange systerkanalar i USA og tilslutta kanalar internasjonalt, mellom dei MTV Noreg og MTV Europe. Den moralske innverknaden på unge menneske, inkludert døme på sensur og sosial aktivisme, har vore grunnlag for debatt i mange år. Avgjersla til MTV om å fokusere meir på røyndomsdrama har òg skapt debatt sidan 1990-talet.

MTV2 endre

1. august 1996 var oppstarten for MTV2, med opphavleg mål om å spele musikkvideoer kontinuerleg utan reklameavbrot, sidan MTV hadde byrja å dreie innhaldet mot program som ikkje var musikkrelaterte. Dette vart endra på slutten av 2002, og i dag viser dei musikkvideoer, musikkrelaterte program og program som er pop- og ungdomskultur-relaterte. Målgruppa er tenåringar og personar tidleg i 20-åra.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre