Bar'am
Bar'am (hebraisk skrift בַּרְעָם, tyder Son av folket) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring 300 meter frå grensa til Libanon nær ruinane av den gamle jødiske landsbyen Kfar Bar'am.[1] Bar'am nasjonalpark er kjend for ruinane av ei av dei eldste synagogene i Israel.[2] Kibbutzen høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.
Bar'am | |||
kibbutz | |||
Ruinar av den gamle synagoga i Kfar Bar'am
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 33°03′30″N 35°26′00″E / 33.05833°N 35.43333°E | ||
Folketal | 590 (2015) | ||
Grunnlagd | 16. juni 1949 | ||
• Grunnlagd av | Demobiliserte Palmach-soldatar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Bar'am 33°03′30″N 35°26′00″E / 33.058333333333°N 35.433333333333°E | |||
Kart som viser Bar'am.
| |||
Wikimedia Commons: Bar'am | |||
Nettstad: www.baram.org.il |
Historie
endreBar'am vart grunnlagd i antikken. På eit ukjend tidspunkt etter den arabiske erobringa av området på 600-talet, men før 1200-talet, flytta den jødiske folkesetnaden frå landsbyen, som vart ein blanda landsby med kristne og muslimar kalla Kafr Bir'im. Innbyggjarane vart drivne bort av det israelske forsvaret i november 1948.[3] I 1949, på grunn av nærleiken til grensa, tillet ikkje den nye Staten Israel å la dei arabiske innbyggjarane få flytte heim att til grensesonen av tryggleiksårsaker, og det inkluderte Bir'imref>Israel's border wars, 1949-1956: Arab infiltration, Israeli retaliation, and the countdown to the Suez War, Benny Morris, 2nd Edition, Oxford University Press, 1997, p. 124</ref>
Bar'am vart grunnlagd den 14. juni 1949 for å vakte og halde grensa til Libanon av demobiliserte Palmach-soldatar. Den muslimske folkesetnaden vart tvinga bort og trass i at ein dom gav den lokale kristne folkesetnaden løyve til å bli verande, vart landsbyen bombardert og øydelagd av det israelske luftforsvaret. Kubbutzen vart grunnlagd som ein verdsleg busetnad under Hashomer Hatzair-rørsla. Kibbutzen, som har meir enn 250 medlemmar og 200 barn, veks framleis, trass i plasseringa så nær nordgrensa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bar'am» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Judaism in late antiquity, Jacob Neusner, Bertold Spuler, Hady R Idris, BRILL, 2001, p. 155
- ↑ Art and Judaism i Greco-Roman world: toward a new Jewish archaeology, Steven Fine, Cambridge University Press, 2005, pp. 13-14
- ↑ Benny Morris (2004): The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, ISBN 0-521-00967-7, p. XXII, settlement #160.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)