Baranof Island er ei øy i Alexanderarkipelet i Alaska Panhandle i den amerikanske delstaten Alaska. Ho blei kalla Sheet'-ká X'áat'l av den lokale tlingitklanen.

Baranof Island
øy
Land  USA
Del av Alexanderarkipelet
Areal 4 065 km²
Folketal 8 532 (2000)
Kart
Baranof Island
56°57′05″N 134°56′52″W / 56.9513889°N 134.9477778°W / 56.9513889; -134.9477778
Baranof Island og omgjevnader
Baranof Island og omgjevnader
Baranof Island og omgjevnader
Wikimedia Commons: Baranof Island

Øya har ein flateyte på 4103,47 km², og er på det meste 160 kilometer lang og 48 kilometer brei. Baranof Island er ei av dei mest fjellendte øyane i Alexanderarkipelet. Ho er den åttande største øya i Alaska og den tiande største i heile USA. Ho har eit folketal på totalt 8532 innbyggjarar ifølgje folketeljinga i 2000.

Nesten heile øya består av byen og buroughen Sitka (Sitka strekk seg òg nordover inn over Chichagof Island). Den einaste delen som ikkje tilhøyrer boroughen er 9,75 km² i det søraustlege hjørnet av øya, som tilhøyrer Wrangell-Petersburg Census Area. I dette området ligg bygda Port Alexander, som ifølgje folketeljinga frå 2000 hadde 81 innbyggjarar. Bygdene Baranof Warm Springs, Port Armstrong og Port Walter ligg på austdelen av øya, og den forlatne landsbyen Goddard inneheld nokre private heimar, varme kjelder, og to offentlege badehus. Det blir òg drive lakseoppdrett på øya.

Fiske og turisme er dei viktigaste næringane på Baranof. Øya er òg kjend for brunbjørn og sitkarein.

Den fyrste europeiske busetnaden blei oppretta på øya i 1799 av Alexandr Baranov, som var den fyrste guvernøren av Det russisk-amerikanske kompaniet. Det er etter han både øya og arkipelaget hennar har namn. Baranof Island var aktivitetssentrum i Russisk Amerika i perioden mellom 1804 og 1867, og var hovudkvarter for pelshandelen.

Rundt 1900 blei det starta fleire småskala gruveprosjekt, og det blei òg drive med kvalfangst. Dei fleste fabrikkane og gruvene blei forlatne då andre verdskrigen byrja.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Baranof Island