Barbu
58°27′45″N 8°46′26″E / 58.46250°N 8.77389°E
Barbu er ein bydel i Arendal. Barbu var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke. Opphavleg, frå 1837, var Barbu ein del av Austre Moland formannskapsdistrikt.
1. mai 1878 vart Austre Moland delt i tre kommunar: Barbu, Austre Moland og Tromøy. Barbu hadde då 4 874 innbyggjarar.
1. januar 1902 vart Barbu kommune samanslegen med Arendal. Barbu hadde då eit folketal på 6 787.