Tromøy er den største øya på Sørlandet, ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder fylke, og i dag ein viktig del av Arendal kommune. Tromøy er framleis eit eige kyrkjesokn i Arendal prosti. Aust for Hove på toppen av raet ligg Tromøy kyrkje, ei mellomalderkyrkje i stein.

Tromøy
Hoveodden
Hoveodden
Geografi
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°27′59″N 08°51′29″E / 58.46639°N 8.85806°E / 58.46639; 8.85806

Areal 29 km²

Høgaste punkt Vardåsen (73 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Agder

Øya Tromøy endre

Tromøybrua gav vegsamband med fastlandet i 1961. Tidlegare gjekk det bilferje frå Barbu til Skilsø på Tromøy. No går det passasjerferje mellom Arendal sentrum og Skilsø. Øya er skild frå fastlandet i nord av Tromøysundet som er om lag 12 km langt, og i vest mot Hisøy av Galtesund som er litt over 2 km langt.

Tromøy kommune endre

Frå 1837 var Tromøy saman med Barbu og Stokken ein del av Austre Moland formannskapsdistrikt.

1. mai 1878 vart Barbu og Tromøy skild ut som eigne kommunar. Folketalet i Tromøy kommune var då 2 320.

Frå 1878 til 1992 var Tromøy sjølvstendig kommune. Kommunen Tromøy omfatta i tillegg til øya med same namn fleire mindre øyar, mellom anna Merdø, Skilsø og Tromlingene.

1. januar 1992 vart Tromøy, Hisøy, Moland og Øyestad kommunar slått saman med Arendal til den nye Arendal kommune. Tromøy hadde då ein folkesetnad på 4 711.

Eldre historie endre

Historia fortel at Harald Granraude (konge i Agder på 800-talet) hadde kongssetet sitt på Tromøy og at dronning Åsa Haraldsdatter tok med seg den eitt år gamle Halvdan Svarte tilbake til Tromøy etter Gudrød Veidekonge døydde. Det er fleire stadnamn på Tromøy som stammar frå vikingtida, som tettstaden Kongshamn med 772 innbyggjarar (pr. 1.1.2006), Alve og Hove.

Hoveodden meiner ein er eit gammalt hov frå oldtida og det er funne i overkant av 60 gravhaugar i området.

Fritidstilbod endre

Trauma er øya sin største idrettsforeining. Dei to største gruppene i Trauma er fotballgruppa og handballgruppa. Begge gruppene har mange aldersbestemte lag i tillegg til seniorlag. Trauma handball er den handballklubben på Sørlandet med flest aldersbestemte lag.

Sommaren 2007 vart Hovefestivalen halden for første gong og med 72 000 festivaldeltakarar var han den største festivalen i Noreg.

Kyrkjer endre

Øya har to kyrkjer, Tromøy kyrkje frå 1150 som ligg på yttersida av øya, og Færvik kyrkje frå 1884 som ligg på Færvik

Kjelder endre