Barcelonnette
Barcelonnette (oksitansk Barciloneta eller Barcilona) er ein kommune søraust i Frankrike i Ubayedalen, og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Alpes-de-Haute-Provence. Kommunen har nesten 3 000 innbyggjarar.
Barcelonnette | |||
---|---|---|---|
Gate i Barcelonnette | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Alpes-de-Haute-Provence | ||
Grunnlagd | 1231 | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 16,42 km² | ||
Flatevidd - By |
16,42 km² | ||
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
2 766 171/km² | ||
Koordinatar | 44°23′12″N 06°39′11″E / 44.38667°N 6.65306°E | ||
Høgd over havet | 1 132 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 04400 | ||
Heimeside: https://www.ville-barcelonnette.fr/ | |||
Nettstad: www.barcelonnette.com |
Historie
endreNamnet på byen kjem frå Ramon Berenguer IV, greve av Barcelona og hertug av Provence, som grunnla byen i 1231.
Geografi og industri
endreBarcelonnette ligg i ein vid og svært frodig dal. Han ligg 1 132 meter over havet ved den høgre breidda til elva Ubaye.
Hovudnæringa i byen er hovudsakleg turisme og eit skisenter.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Barcelonnette