Alpes-de-Haute-Provence

franske departement
Alpes-de-Haute-Provence
Våpenskjoldet til Alpes-de-Haute-Provence
Plassering
Plasseringa til Alpes-de-Haute-Provence i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 04
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Digne-les-Bains
Sous-préfectures: Barcelonnette
Castellane
Forcalquier
Arrondissement: 4
Kantonar: 30
Kommunar: 200
Président du conseil général: René Massette
Statistikk
Folketal Rangering 94.
 -2009 159 450
Folketettleik: 22/km²
Landareal¹: 6 925 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Alpes-de-Haute-Provence er eit departement søraust i Frankrike, som tidlegare var ein del av provinsen Provence. Departementet høyrer til regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur

Historie endre

Nord-de-Provence var ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han fekk det nye namnet Haute-Provence og Basses-Alpes.

8. desember 1793 vart departementet Vaucluse oppretta frå delar av departementa Bouches-du-Rhône, Drôme og Basses-Alpes. 13. april 1970 fekk departementet Basses-Alpes namnet Alpes-de-Haute-Provence.

Geografi endre

Alpes-de-Haute-Provence er eit fjellområde med fjelltoppar over 2 500 meter. Klimaet er svært tørt, men kunstig vatning gjer at ein likevel har ein rik fruktindustri.

Departementet er omringa av dei franske departementa Hautes-Alpes, Alpes-Maritimes, Var, Vaucluse og Drôme, i tillegg til at det grensar til Italia.

Av elvar i departementet finn ein Durance, Verdon, Bléone, Ubaye, Var, Buëch, Jabron og Largue.

Demografi endre

Innbyggjarar i dette departementet vert kalla Bas-Alpins.

Folksetnaden var ein gong jamnt fordelt over heile departementet, både i fjellområda og i jordbruksområda. Mot slutten av 1800-talet minka derimot folketalet på grunn av distriktsutflytting til byane. Folketalet fall frå om lag 150 000 til 100 000 etter den første verdskrigen. Det var ikkje før 1960 at folketalet igjen byrja å vekse, frå 84 335 i 1968 til 139 561 i 1999. Sjølv om folketalet er om lag som det var for hundre år sidan er fordelinga ei heilt anna. Folkesetnaden er no konsentrert i dei større byane, Manosque og Digne-les-Bains, og fjellområda er tynt folkesett.

Arrondissementa Barcelonette og Castellane er dei to minst folkesette i Frankrike, og dei einaste med under 10 000 innbyggjarar. Landsbyen Castellane er det minste sous-préfecture i Frankrike.

Turisme endre

Dei vakre omgivnadane i departementet gjev grunnlag for mange aktivitetar og attraksjonar. Elleve landsbyar er utpeikt for sin spesielle arkitektur. Av attraksjonar finn ein:

Om sommaren er det populært med luftsport i dei omliggande fjella, som seglflyging, hanggliding og paragliding. Området har òg svært mange skisenter opne om vinteren.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alpes-de-Haute-Provence