Barja (برجا) er ein kystby i Chouf distrikt i Libanon i Libanonfjella guvernement. Med kring 31 500 innbyggjarar (2012), ligg Barja 32 kilometer sør for Beirut, halvvegs mellom hovudstaden og Sidon. Byen dekkjer eit areal på 7,3 kvadratkilometer og det høgastepunktet i kommunen er 310 meter over havet.

Barja Al Chouf
برجا الشوف
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Høgd 310 moh.
Koordinatar 33°38′59″N 35°26′36″E / 33.649722°N 35.443333°E / 33.649722; 35.443333
Areal 7,30 km²
Folketal 31 500
Folketettleik 4 315 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961 7 (623) (920) (921)
Kart
Barja
33°38′59″N 35°26′36″E / 33.649722°N 35.443333°E / 33.649722; 35.443333

Historie endre

Namnet Barja kjem opphavleg frå det gamle greske ordet taparkhia, som tyder «kultursenter», og det assyriske ordet burgas, som tyder 'ei åsrekkje oppom sjøen'. Ein person frå Barja vert ofte kalla 'barjawi'.

Byen vart bygd på midten av 1900-talet og var kjend for det rike jordsmonnet, vasskjeldene, kalksteinen og grusførekomstane, i tillegg til den strategiske plasseringa langs kysten av Libanon. Tidlege næringar var fiske, jordbruk og lett tekstilproduksjon.

Mykje av byen vart øydelagd av eit øydeleggjande jordskjelv som råka Chouf distrikt i 1956.

Under den libanesiske borgarkrigen (1975-1990) flytta hundrevis av unge menn og kvinner frå Barja til forskjellige land som Australia, Brasil, USA, Canada og Storbritannia. Med god hjelp frå forskarforbund som Rafic Hariri, kunne desse unge menneska frå Barja ta høgare utdanning ved forskjellige universitet.

Klima endre

Barja har eit mildt middelhavsklima med ein middeltemperatur som varierer mellom 11 - 27 °C. Rundt byen vekst det pinjelunder, oliventrehagar og her finst mange friluftsområde.

Kjelder endre