Middelhavsklima er klima som liknar klimaet til landa rundt Middelhavet. Utanom rundt Middelhavet finn ein stort sett denne typen klima på vestkysten av kontinentale landmassar, hovudsakleg mellom 30º og 45º nord og sør for ekvator.

Område med middelhavsklima

Lokalisering endre

Bortsett frå området rundt Middelhavet har ein middelhavsklima i store delar av California, Western Cape i Sør-Afrika, sentrale område av Chile, kystområde i sørlege delar av Vest-Australia og vestlege delar av Sør-Australia.

Ein har òg isolerte døme på mikroklima som liknar middelhavsklima i område der ein generelt har andre klimatypar.

Flyttar ein seg frå område med middelhavsklima og mot polane går ein som regel gradvis over i maritimt klima der ein har meir regn om sommaren. Går ein mot ekvator går ein over i steppeklima.

Nedbør endre

Om sommaren er vêret i områda med middelhavsklima dominert av subtropiske høgtrykk, der søkkande luft fangar den marine lufta i eit lag nær bakken. Ein kan ha forskjellig fuktforhold, men lite nedbør bortsett frå eit og anna torevêr. Om vinteren vil den polare jetstraumen, og lågtrykka den fører med seg gå nærmare ekvator, og det vert meir regn, eller snø i høge område. Derfor får desse områda nesten all nedbør om vinteren, og ein kan ha to til fem månadar om sommaren utan særleg nedbør.

Eit døme er San Francisco i California i USA som har ein nedbørsnormal på 448 mm frå november til april, medan det berre regnar 52 mm resten av året, og nesten ingen nedbør i juli og august.

Temperatur endre

Middelhavsklima betyr relativt milde vintrar, men sommartemperaturane kan variere frå område til område. Athen i Hellas kan få svært høge temperaturar om sommaren, medan San Francisco har kjøligare og milde somrar på grunn av oppvelling av kaldt havvatn utanfor kysten. Fordi alle område med middelhavsklima ligg nær store havområde, er det ikkje så store temperaturendringar mellom sommar og vinter (sjølv om den daglege temperaturvariasjonen om sommaren er stor).

Temperaturen om vinteren kan av og til gå under 0 °C og føre til snø, men dette skjer sjeldan ved havnivå. Det nærliggande havet hindrar temperaturen i å stige like høgt som i ørkenområda, som ein ofte har i nærleiken av område med middelhavsklima. Dei høgaste temperaturane får ein som regel i samband med vind frå ørkenområda.

Område som er verna frå kysten eller ligg så pass langt unna kysten at solgangsbrisen ikkje påverkar temperaturen, kan få dei høgaste temperaturane, og temperaturer rundt og over 40 °C er ikkje uvanleg.

Høgareliggande område og område som er verna frå den milde havlufta kan få kaldare vintrar. Dette «tempererte» middelhavsklimaet er mest utbreidd i nordlege område av Italia og Hellas. I desse områda kan planter som ein ofte har i samband med middelhavsklimaet fryse og døy. Dei høgaste områda på stader med middelhavsklima kjem ofte inn under kontinentalklima.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)