Barmfjorden
Barmfjorden er ein fjordarm av Frøyfjorden på Hitra i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 5 km sørover til Vollen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp ved Flesa fyr, midt i innløpet ligg to små øyar, som dannar tre særs tronge sund, om lag 5 til 15 meter breie, inn til resten av fjorden. Det ligg fleire småbruk langs begge sider av fjorden, og på vestsida går riksveg 714 nordover. 63°37′24.200″N 8°52′29.615″E / 63.62338889°N 8.87489306°E