Baroniet Rosendal
(Omdirigert frå Baroniet i Rosendal)
59°59′14.010″N 6°1′19.002″E / 59.98722500°N 6.02194500°E
Baroniet Rosendal er ein herregard som ligg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Herregarden ligg ved enden av Hattebergdalen, mellom fjella Melderskin og Malmangernuten.
Baroniet var det einaste i Noreg, og vert no drive som eit museum. Baroniet vart oppretta i 1678 av kong Kristian V av Danmark-Noreg, men sjølve slottet blei bygd på 1660-talet.[1]
Mannen som stod for bygginga av slottet var dansken Ludvig Rosenkrantz. Han byggde skandinavias minste slott på garden Hatteberg, som var garden han og kona hans, Karen Mowatt, hadde fått i bryllaupsgåve frå far til bruda, Axel Mowatt. Axel Mowatt var på denne tida Noregs nest rikaste mann. Universitetet i Oslo eig eigedommen.
Referansar
endre- ↑ Bård Skar (11. august 2018). «Historien bak Norges eneste baroni». NRK.
Bakgrunnsstoff
endre- Baroniet Rosendal
- Baroniet Rosendal i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne historieartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.