Barry Dransfield (fødd i 1947) er ein engelsk visesongar, felespelar, cellist og gitarist. Han har spelt mykje som studiomusikar for mange andre artistar, og gjeve ut eigne album. Rout of the Blues (1971) vart i Melody Maker kåra til årets folkemusikkalbum. I motsetnad til mange fiolinistar spelar Dransfield vanlegvis med fele på brystet og ikkje under haka.

Barry Dransfield
Fødd20. hundreåret
FødestadHarrogate
OpphavStorbritannia
Instrumentfiolin, fele
Verka sommusikar, felespelar

I 1969 vart han og broren Robin Dransfield inviterte med i Ashley Hutchings sitt Steeleye Span, men avslo.

Dransfield har skrive mykje musikk for film og fjernsyn. Han spelte rolla som blind felespelar i The Bounty (1984) (med Mel Gibson og Anthony Hopkins). I 1986 byrja han å reparere fiolinar og celloar.

Diskografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre