Opna hovudmenyen
Ein fiolin frå ulike vinklar
Ein fiolin i fiolinkassen sin

Fiolin eller fele er eit strykeinstrument med fire strengar som vanlegvis vert stemde i g (lågast), d', a' og e" (høgast). Fiolinen vert kalla sopranen blant strykeinstrumenta fordi han er det minste og lysaste av dei utbreidde typane. Han er eit fleksibelt instrument som kan brukast til mange musikkstilar.

Feler dukka opp på 900-talet.[1][2]

Innhaldsliste

SpelemåteEndra

Ein fiolinist held som regel fiolinen vassrett utover frå halsgropa. Han held fiolinhalsen med den venstre handa, som han òg bruker til å pressa strengane ned med for å få ulike tonar, og kan skjelva med henne for å få tonane til å vibrera (vibrato). Den høgre handa brukar han til å halda bogen eller til å plukka strengane med (pizzicato). I andre tradisjonar enn den vestlege klassiske kan ein halda fiolinen litt annleis.

BrukEndra

Fiolinen kan brukast som soloinstrument, i grupper eller i større orkester. Instrumentet vert brukt innan fleire sjangrar. Det er særs viktig innan vestleg klassisk musikk, jazz, folkemusikk og karnatisk musikk, men ein høyrer òg fiolinar i filmmusikk, pop og rock.

Fiolinfamilien med sine medlemmer fiolin, bratsj og cello vart utvikla frå instrument som vihuela og lira da braccio i Italia på første halvdel av 1500-talet — truleg kring 1520. I løpet av dei neste to hundre åra vart fiolinfamilien vidareutvikla og perfeksjonert av kjende fiolinmakarar som Amati-familien og Antonio Stradivari.

Virtuose fiolinistar gjorde òg sitt til å utvikla spelestilen. Fiolinen vart først halden mot brystet, men aukande vekt på posisjonsspel gjorde at den ein fann ut at å halda han under haka gav meir fridom. Teknikkar som vibrato (skjelving), pizzicato (plukking) og å flytta handa i ulike posisjonar over strengene (sjå posisjonsspel) vart utvikla av folk som Arcangelo Corelli, Antonio Vivaldi, Giuseppe Tartini og den legendariske Niccolò Paganini.

FolkemusikkEndra

Fele har vore kjend som folkemusikkinstrument i Noreg sidan 1600-talet.[3]

I Noreg finst ei eiga utgåve av fiolinen. Den heiter hardingfele, og har fire spelestrenger og vanlegvis fire til fem resonansstrenger.

Opphavet til hardingfela er sannsynligvis ei samansmelting av eldre norske strengeinstrument (til dømes fiðla).[3]

 
Fiðla avbilda i 2009.

Produksjon av instrumentEndra

Å produsere ein fiolin kan ta ein person omlag to veker, skreiv nettstaden Azure Violins; lakkering og mørkleggjing (tanning) tek nokre månader lengre.[4]

NoregEndra

"10-15 fiolinbyggere" finns, skreiv media (2015).[5]

Hardingfelemakarar [ofte kalla felemakar] finns det fem av (i 2012).[6]

"[Å] lage ei hardingfele på gamlemåten tek om lag 300 timar", sa (2018) ein produsent som er maskiningeniør.[7]

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. fiddle. Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 6. mars 2009.
  2. Anthony Baines: The Oxford Companion to Musical Instruments. Oxford University Press, USA (12. november 1992).
  3. 3,0 3,1 Fele. (2018, 25. januar). I Store norske leksikon. Henta 6. februar 2019 frå https://snl.no/fele
  4. How long does it take to make a violin?
  5. Jakten på den gode tone
  6. Desperat kamp for hardingfela. "Knut Oppheimsbakken er en av fem hardingfelemakere"
  7. Slår eit slag for kulturarven – brukar moderne teknologi i handverket.

BakgrunnsstoffEndra