Barry Hay

nederlandsk songar

Barry Andrew Hay (fødd 16. august 1948) er ein nederlandsk musikar, mest kjend som solovokalist og frontmann i det nederlandske rockebandet Golden Earring.[1]

Barry Hay

Hay i 2014
Fødd16. august 1948 (76 år)
FødestadFaizabad i India
FødenamnBarry Andrew Hay
OpphavHaag, Nederland
AktivSidan 1967
SjangerRock
Instrument
  • vokal
  • fløyte
  • gitar
Tilknytte artistarGolden Earring
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
BornBella Hay

Biografi

endre

Hay vart fødd i Faizabad i India til ei nederlandsk-jødisk mor, Sofia Maria fødd Sluijter og ein skotsk offiser, Philipp Aubrey Hay. Han flytta til Nederland åtte år gammal for å bu med mora og voks opp i Amsterdam og seinare Haag, og gjekk på ein engelsk kostskule.

Etter han var ferdig på skulen tok han fag på Det kongelege kunstakademiet i Haag. Sommaren 1967 vart han med i Golden Earrings og erstatta Frans Krassenburg. Hay skapte somme av plateomslaga til bandet.

Han gav òg ut tre soloalbum. Only Parrots Frogs and Angels (1972) og Victory of Bad Taste (1987) selde begge dårleg. The Big Band Theory (2008) finst berre på nettet.

I 1994 song han solovokal og spelte fløyte på Ayreon-songen «Sail Away to Avalon,» ein singel frå debutalbumet deira, The Final Experiment.

I 2001 flytta Hay frå Haag og attende til Amsterdam, men var òg mykje på Curaçao der han hadde sitt eige radioprogram. I 2000-åra hadde Hay den nederlandske stemma til Rock Zilla i teikneserien til Gene Simmons, My Dad The Rock Star og deltok i ein reklamefilm for solbriller.[2]

I 2016 gav Hay ut eit album med sideprosjektet Flying V Formation og ein sjølvbiografi.

Kjelder

endre
  1. Birchmeier, Jason. «Biography: Barry Hay». Allmusic. Henta 24. november 2019. 
  2. «FramesDirect.com Blog». FramesDirect.com.