Opna hovudmenyen

Bart Anthony van der Leck (26. november 187614. november 1958) var ein nederlandsk målar, designar og keramikar, fødd i Utrecht.

Bart van der Leck
Bart van der Leck (1956).jpg
Fødd 26. november 1876
Utrecht
Død

13. november 1958
Blaricum

Yrke kunstmålar
Bart van der Leck på Commons

Liv og gjerningEndra

Etter å ha vorte utdanna til glasmålar, studerte Leck på Rijksschool voor Kunstnijheid. Frå 1900 til -04 studerte han vidare ved Rijksakademie van beeldende kunsten i Amsterdam. Dei arbeida han laga i tida etter hundreårsskiftet syner påverknad frå impresjonismen.

Architype VanDerLeck er geometrisk skriftform frå 1941

I 1917 danna Leck, saman med Piet Mondrian, Theo van Doesburg og andre, grupperinga de Stijl. Saman med dei andre kunstnaranr utvikla han meir og meir abstrakte former. Allereie året før, 1916, hadde Leck drastisk redusert bruken av primærfargar i verka sine.

Leck var ein banebrytar for arbeid i geometriske former og reine fargar. Han hadde såleis ein avgjerande innverknad på den karakteristiske estetikken til De Stijl. Likevel braut han ut av gruppa, for å gå sine eigne vegar. Og i motsetnad til Mondrian løyste Leck seg aldri heilt frå realismen, noko som er berrsynt i mellom anna hans keramiske arbeid.

Han døydde i Blaricum i Nord-Holland.

KjelderEndra