Theo van Doesburg

Theo van Doesburg, opphavleg Christian Emil Marie Küpper, (30. august 18837. mars 1931) var ein nederlandsk målar, forleggar, forfattar, arkitekt, typograf og kunstteoretikar frå Utrecht.

Theo van Doesburg

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 30. august 1883
Utrecht
Død

7. mars 1931 (47 år)
Davos

Yrke lyrikar, kunstmålar, arkitekt, skribent, grafisk designar, fotograf, kunstteoretiker, designar
Språk nederlandsk
Medlem av De Stijl
Ektefelle Nelly van Doesburg, Lena Milius, Agnita Feis
Theo van Doesburg på Commons

Doesburg skapte det geometrisk oppbygde måleriet og var såleis ein av dei som la grunnsteinen for den abstrakte målarkunsten. I 1917 var han med å skipe kunstnarforeininga De Stijl. Seinare slutta han seg for ei kort tid til dadaistane.

Rytmen i ein russisk dans, 1918

Liv og gjerning endre

Doesburg studerte målarkunst frå 1899, etter å ha slege frå seg planen om å verte skodespelar. Fyrste utstillinga av arbeida sine hadde han i 1908. Til liks med Piet Mondrian laga han måleri basert på geometriske flater.

Han var ein sentral person i kunstnarlivet i Paris, etter fyrste verdskrigen. Saman med Piet Mondrian og fleire andre; Georges Vantongerloo, Robert van ’t Hoff, Jacobus Oud, Jan Wils og Bart van der Leck stifta han de Stijl i 1917. Han var redaktør for tidsskriftet som rørsla gav ut. Allereie i 1916 hadde han byrja samarbeide med arkitektane Oud og Wils, og etter 1923 arbeidde han også i lag med Cornelis van Eesteren. Målet var å tilpasse de Stijl-tankegangen slik at denne også kunne brukast på bygningar og innreiingar av rom.

Doesburg vart kjend med Walter Gropius og Bruno Taut, og frå 1921 til -22 påverka han den arkitektoniske forma til Bauhaus-rørsla gjennom å undervise på eit privatkurs i Weimar. Same året gjorde han konstruktivismen kjend i Nederland, ved å gje ut tidsskriftet Mecano under pseudonymet I.K. Bonset. Doesburg lanserte omgrepet konkret kunst som motstykke til abstrakt kunst, og var sjølv sjølve ikjøtinga av omgrepet.

10. januar 1923]gjekk Doesburg i gang med eit felttog for dadaismen i Nederland, då han arrangerte den fyrste dada-kvelden i Den Haag. Den siste dada-soiréen fann stad 13. april i Drachten i Friesland. Aksjonen for dadaismen enda for godt det året.

Til kafé- og danselokalet Aubette på Kléberplatz i Strasbourg planla han, saman med ekteparet Hans Arp og Sophie Taeuber-Arp, i 1927/28 eit felleskunstverk skapt i ånda til De Stijl-rørsla. Målsettinga var å omstøyte førestillinga om korleis interiøret i eit bygg skulle vere.

I 1931 var Doesburg med på å stifte endå ei rørsle: Abstraction-Création i Paris, saman med Antoine Pevsner, Naum Gabo, Auguste Herbin og Georges Vantongerloo. Same året døydde han i Davos.

Kjelder endre