Barta'a (arabisk skrift برطعة, hebraisk skrift בַּרְטַּעָה) er ein by i Israel og Dei palestinske territoria som ligg på begge sider av Den grøne linja og Wadi Ara-området.

Barta'a
برطعة
by
Land  Dei palestinske territoria,  Israel
Guvernement Jenin guvernement, Haifa distrikt
Koordinatar 32°28′28″N 35°05′32″E / 32.47444°N 35.09222°E / 32.47444; 35.09222
Areal 4,3 km²
Folketal 8 300  (2006)
Folketettleik 1 930 / km²
Kart
Barta'a
32°28′28″N 35°05′32″E / 32.474416666667°N 35.092136111111°E / 32.474416666667; 35.092136111111
Wikimedia Commons: Barta'a

De vestlege Barta'a ligg i Haifa distrikt i Israel, og utgjer ein del av Basma lokale kommune. Dei 4 700 innbyggjarane her er arabiske borgarar i Israel.[1]

Den austlege Barta'a lgig i Dei palestinske territoria nord i Jenin guvernementVestbreidda i det som i følgje Osloavtalen er Område C. Denne delen har 3 600 innbyggjarar, der 30-40 % har israelske identifikasjonskort, og resten palestinske.[1][2][3]

Historie endre

I folketeljinga i 1931 hadde Barta'a 94 busette hus og eit folketal på 692 muslimar.[4]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart landsbyen Barta'a delt av våpenkvilelinja i ein austleg og vestleg del. Den vestlege delen kom inn under israelsk control, medan den austlege kom inn under jordansk kontroll. Frå 1949 til 1967 var det umogeleg å krysse mellom dei to halvdelane.

Etter seksdagarskrigen i 1967, tok Israel kontroll over Vestbreidda og dei to delane av byen vart uformelt samla att,[1] og vart driven som ein enkel kommune.

Etter bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda i 2003, hamna den austlege Barta'a i ein lukka militærsone, eit område mellom den grøne linja og sperringa kalla Separasjonssonen.[5]

Aust-Barta'a (Barta'a ash-Sharqiyya) er den største byen i det som vert kalla Barta'a-enklaven, som òg omfattar dei palestinske landsbyane Um ar-Rehan, Khirbet 'Abdallah al-Yunis, Khirbet Ash-Sheikh Sa'eed, Khirbet al-Muntar al-Gharbiya, Khirbet al-Muntar ash-Sharqiyya og Dhaher al-Malik.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Vered Lee (19. februar 2007). «There's no EKG - but there is reflexology». Arkivert frå originalen den 12. mai 2007. Henta 25. september 2015. 
  2. Projected Mid -Year Population for Jenin guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. «Military orders to demolish 72 commercial shops and houses in East Barta'a». Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 21. januar 2003. Arkivert frå originalen 30. desember 2005. Henta 25. september 2015. 
  4. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 67. 
  5. Margaret Evans (6. januar 2006). «Indepth Midtausten:Israel's Barrier». CBC. Arkivert frå originalen den 18. mai 2007. Henta 25. september 2015. 
  6. Operations Support Officer Programme West Bank (14. februar 2005). «Case Study: UNRWA's access to Barta'a enklave disrupted by IDF restrictions» (PDF). SNs hjelpeorganisasjon (UNRWA). Henta 5. september 2015.