Baskarlue
Baskarlue eller alpelue er eit hovudplagg utan skygge eller brem, tidlegare kunne det vera strikka, no helst av ullfilt. Det har eit militært motstykke i bereten. Lua har eit sveitteband, og det er vanleg at dette er bretta opp når lua blir boren av karar. Kvinner brettar det ned somme tider.
På baskisk blir lua kalla txapela ([tʃa'pela]), på spansk boina.
Historie
endreDet er omstridd om lua opphavleg kjem frå Pyreneene i fransk Baskerland, eller frå Béarn. Lua har minska i storleik opp i gjennom åra.
Bakgrunnsstoff
endre- Baskarar og baskarlua (spansk)