Spansk
Spansk (au kjent som kastiljansk) er eit ibero-romansk språk, og det tredje mest snakka språket i verda. Det er morsmålet for omkring 352 millionar menneske, eller 417 millionar viss ein òg inkluderer dei som ikkje har spansk som morsmål (i fylgje estimat frå 1999). Majoriteten av den spansktalande befolkninga lever i Latin-Amerika.
Spansk español, castellano | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Italisk Romansk Galloiberisk Iberoromansk Vestiberisk Spansk | |
Bruk | ||
Tala i | Andorra, Argentina, Belize, Bolivia, Chile, Colombia, Costa Rica, Cuba, Den dominikanske republikken, Ecuador, Ekvatorial-Guinea, El Salvador, Filippinene, Guatemala, Honduras, Mexico, Marokko, Nicaragua, Panama, Paraguay, Peru, Spania, Trinidad og Tobago, Uruguay, USA og Venezuela | |
Spansktalande i alt | 328 518 810[1] | |
Normert av | Asociación de Academias de la Lengua Española | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | es | |
ISO 639-2 | spa | |
ISO 639-3 | spa | |
Wikipedia på spansk |
Utbreiing
endreSpansk er eit av dei offisielle språka i dei sameinte nasjonane, Den afrikanske unionen, Den europeiske unionen og i USA. I tillegg er spansk eit offisielt språk (og det viktigaste språket) i 20 land: Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Costa Rica, Cuba, Den dominikanske republikken, Ecuador, El Salvador, Ekvatorial-Guinea, Guatemala, Honduras, Mexico, Nicaragua, Panama, Paraguay, Peru, Puerto Rico, Spania, Uruguay og Venezuela.
Spansk er òg talemål i Andorra, Belize, Canada, Gibraltar, Israel, Nord-Marokko, Dei nederlandske Antillane, Filippinane, USA, Trinidad og Tobago og Vest-Sahara. Den nærskylde varianten jødespansk blir i dag særleg tala i Tyrkia (fram til andre verdskrigen òg i Hellas og andre stader på Balkan), men òg i nokon grad i Israel og nokre av kystbyane i Marokko — den sistnemnde staden under namnet haquetía.
Grammatikk
endre- Hovudartikkel: Spansk grammatikk
Spansk grammatikk har stor formrikdom. Spansk har to kjønn og eit verb har om lag femti bøyingsformer i båe modusane, men ingen kasus og ei avgrensa pronomenbøying.
Sjå au
endre- Spansk grammatikk
- Jødespansk språk (djudíospanyol, djudesmo, haquetía)
- Ladino (jødisk omsetjingsspansk for omsetjingar frå hebraisk og arameisk)