Bastillen var ein festning som var del av forsvarsverket til Paris, bygd i slutten av 1300-talet og påbygd i fleire etappar. Festningen blei også brukt som fengsel. Stormen av Bastillen 14. juli 1789 pleier reknast som startskotet for den franske revolusjonen. Kort tid etter storminga blei festningen riven av folket i Paris.

Bastillen

Kart
Stormen mot Bastillen
48°51′12″N 2°22′09″E / 48.853333°N 2.369167°E / 48.853333; 2.369167
Bastillen før han blei øydelagd. Teikning frå 1800-talet.
Interiør. Teikning frå 1785 av Jean-Honoré Fragonard.
Storminga av Bastillen. Måleri av Jean-Pierre Louis Laurent Houel.

La Bastille Saint-Antoine blei opphavleg laga for å forsvara Saint-Antoine-porten inn til Paris. Bygginga byrja kring 1370. Festningen målte 66 x 34 meter og ved dei fire tårna var han 24 meter høg. Rundt Bastillen var det ei 8 meter djup vollgrav. Seinare blei det lagt til fire tårn til. Tårna hadde nama de Coin (Hjørnetårnet), de la Chapelle (kapelltårnet), du Trésor (skatte- eller skatteromstårnet), de la Comté (grevskapstårnet), de la Bertaudière, de la Basinière, du Puits (kjelde- eller brunntårnet) og de la Liberté (fridomstårnet). Innanfor murane var det to borggardar.

Allereie i mellomalderen byrja ein òg å nytta Bastillen som eit fengsel. Den militære tydinga til festningen minka mykje då det blei bygd ein ny ringmur om Paris, og festningen kom til å bli nytta som representasjonsslott. Under Henrik IV si tid blei statskassa halden her. Kardinal Armand Jean du Plessis de Richelieu gjorde festningen til statsfengsel tidleg på 1600-talet. Under Fronden fungerte likevel Bastillen også som forsvarsanlegg.

Fengselet blei mest brukt for aristokratiske fangar, og var derfor høvesvis komfortabelt. Fangane kunne til og med disponera flotte rom med tenestefolk og gode måltid. Totalt husa festningen eit 40-tals fangar; det fanst også fleire langt mindre behagelege plassar for borgarlege fangar i kjellarromma, les cachots. Rtter 1600-talet hadde bruken av desse fangehola blitt redusert, og frå 1774 opphøyrde også bruken av tortur i fengselet. I samtida var Bastillen eit av dei meir humane fengsla i Europa. Det dårlege ryktet kom mest frå den løyndomsfulle eimen om fengselet, og den rettslege ordninga ved mange arrestasjonar gjennom såkalla lettre de cachet, som gjorde at ein skriftleg ordre frå kongen var alt som var nødvendig for å sperra nokon inne i fengselet.

Fangane kom til å dominerast av regimekritikarar som Voltaire, men òg av umoralske adelsmenn som markis de Sade. Voltaire skriv òg om den mystiske fangen Mannen med jernmaska.

Talet på fangar var aldri stort - under Ludvig XIV si tid blei det gjennomsnittleg sett inn 30 personar i året, dei fleste berre for ei kort tid. Under Ludvig XVI si tid var talet 16 per år, og ein planla å riva Bastillen. Ved storminga under revolusjonen fann ein totalt 7 fangar - 4 falskmyntarar, 2 psykisk sjuke og ein forbrytar frå ein fornem familie som var blitt innesperra etter ønske frå framilien sin.

Storminga av Bastillen endre

14. juli 1789 blei Bastillen storma av opprørarar, og hendinga markerte byrjinga på den franske revolusjonen. Somme meiner at Bastilen hadde ei særskild stilling for dei revolusjonære fordi det stod som symbol for urrettvise og fengsling utan oversyn. Opptakta til storminga var likevel ei anna.

Befolkninga i byen hadde i fleire dagar vore redde for at dei utanlandske troppane som blei plasserte rundt Paris skulle koma ti lå brukast til å nedkjempa revolusjonen. Ein borgarskapsmilits på 40 000-50 000 menn hadde blitt danna, men mangla våpen. Etter fleire forsøk lykkast dei i å henta ei stor mengd gevær og eit dusin kanonar frå les Invalides. Militsen mangla likevel framleis kuler og krut. Nokon visste at begge delar fanst i store mengder på Bastillen.

Opprørarane sende ein delegasjon til guvernøren til festninga, Bernard-René de Launay, for å søka om at han skulle dela ut kulene og krutet. Spørsmålet blei diskutert over eit lunsjmåltid på Bastiljen, men delegasjonen blei deretter send vekk med uforretta sak. De Launay hadde hatt til hensikt å la festningen sprenga for å hindra han frå å falla i hendene til opprørarane, men blei hindra av offiserane sine.

Først etter at nok ein delegasjon vitja Bastillen og eit stort tal militsmedlemmer hadde samla seg framfor festningen gav guvernøren dei 32 sveitsiske soldatane og 82 krigsskadade veteranane sine ordreom å opna eld. Ytterlegare to delegasjonar møtte guvernøren før til slutt ein person som hadde vore sersjant for sveitsargarden plasserte kanonane framfor festningen og sikta mot port og den opphøgde vindebrua. Porten måtte kasta for kanonsalven, og ved femtida storma til slutt folket Bastillen.

De Launay og andre offiserar blei drepne etter kapitulasjonen, saman med delar av mannskapet.

Kritikk av historieskrivinga endre

To dagar seinare byrja Bastillen å øydeleggjast av ein privat entreprenør på oppdrag frå byen. Ein stor del av steinane blei nytta for å bygga Concordebrua. Avgjerder eller ønske om at Bastillen skulle øydeleggjast hadde då vorte nedskrivne sidan 1784, altså fem år tidlegare. Historiekritikarar meiner at brev og tekster frå tidsperioden også viser at storminga blei gjennomført av ei ganske avgrensa gruppe revolusjonære uten noko større blodbad eller bakomliggande plan. I det store og heile verker folket korkje å ha frykta eller mislikt festningen noko særleg. Dette står imot den symbolske tydinga til stormina, som ein meiner blei brukt av historieromantikarar som ville skapa eit fransk natsjonalaugeblikk.

Ei alternativ historieskriving som er blitt lagt fram nemner ikkje militsen sitt behov for kuler og krut som hovudårsak for storminga. I staden meiner ein at ein hovudgrunn for å ta festningen var å slå ut den hatefulle festningen til rojalistane, som hadde kanonar som var vende mot dei fattige bydelane i Paris. Storminga skal ha kome i same augeblikk som hoffet for første gong prøvde å starta ein kontrarevolusjon.

Bastilledagen endre

På den første årsdagen for storminga samla parisfolk seg for å på Bastille-plassen for å feira la Fête de la Fédération. Feiringa kom til å dreia seg om symbolet for den revolusjonære og moderne fransk nasjonen, men òg om forsoninga og eininga til alle franskmenn. Først 90 år seinare, i 1880, vedtok den franske nasjonalforsamlinga at den 14. juli skulle vera ein årleg Fête Nationale, eller nasjonaldag.

 
Dagens Place de la Bastille, med Julikolonnen i midten og Bastille-operaen til høgre.

Dagens Place de la Bastille endre

På dagens Bastilleplats står Julikolonnen, reist 1833-1840 som eit minnesmerke over Julirevolusjonen i 1830. Metrostasjonen Bastille blir trafikkert av tre linjer, mellom anna den opphavlege stamlinja. I den underjordiske stasjonen kan ein òg sjå restar av grunnmuren til det gamle fengselet. L'Opéra Bastille er ein av dei to scenene til Opéra National de Paris.

Kjelder endre