Bataljon
Ein bataljon (av fransk bataillon, frå italiensk battaglione) er ei taktisk militær eining som er samansett av to til seks kompani.
Sjefen for ein bataljon er normalt ein offiser tilsvarande oberstløytnant.
I det norske forsvaret er ein bataljon delt opp i normalt tre til fem kompani. Ein norsk infanteribataljon inneheld 550–1100 mann.[1]
Kjelder
endre- ↑ ««Bataljon»». Store Norske Leksikon. Henta 2. desember 2016.
- «bataljon» i Nynorskordboka.
- Bataillon i Ordbog over det danske Sprog