Baula
Baula (uttalt bøyla med trykk på fyrste staving) er eit fjell vest på Island med ein noko rar utsjånad. Det har ein raudaktig farge på grunn av ryolittbergarten han består av. Fjellet ligg ved hringvegur, den islandske ringvegen. Bifröst universitet og det vakre krateret til Grábrók ligg i nærleiken.
Baula | |||
fjell | |||
Baula i juli 2006
| |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Batolitt | ||
Høgd | 934 moh. | ||
Bergartar frå | 3,5 millionar år | ||
Siste utbrot | 3,5 millionar år sidan | ||
Koordinatar | 64°53′N 21°24′W / 64.883°N 21.400°W | ||
Baula 64°50′52″N 21°26′19″W / 64.8477396973°N 21.4384804348°W | |||
Wikimedia Commons: Baula |
Geologisk er fjellet klassifisert som ein intrusjon, eller eit batolittisk fjell, som er ein masse av stein som har vorte kasta oppover til overflata frå djupt inne i jorda. Ein har estimert at dette utbrotet skjedde for 3,5 millionar år sidan.
Baula har ein nesten perfekt kjegle og i nærleiken ligg Litla-Baula der ein kan sjå søyler av ryolitt. Baula og Litla-Baula vert stundom skildra som det vakraste fjellparet på Island.
Andre døme på liknande fjell på Island er Mælifell på Snæfellsnes og Hlíðarfjall nær Mývatn nord i landet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baula» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2007.