Baumé er ei eining for væsketettleik på ein måleskala for flytevekt eller areometer. Eininga har symbol Bé eller °Bé (grad baumé). Skalaen vart foreslått av den franske kjemikaren Antoine Baumé. Han nytta to skalaer: tung baumé for væsker tyngre enn vatn, og lett baumé for væsker lettare enn vann:

For tung baumé er tettleiken for reint vatn sett til 0 Bé og tettleiken for ei 15 % saltløysing (1,115 kg/l) til 15 Bé.

For lett baumé er tettleiken for ein 10 % saltløysing (1,08 kg/l) sett lik 0 Bé og reint vatn lik 10 Bé.

Skalaene har lineær inndeling – ein auke på éin Bé vil derfor svare til forskjellig auke i tettleik (målt i kg/l) avhengig av kvar på skalaene ein er. Omrekning fra Bé til tettleik i kg/l må skje ved hjelp av tabellar eller ved utrekningar med formlar som gjev tilnærma riktig verdi. Viss det ikkje er gjeve kva skala som er brukt, er det som regel tung Bé. Einingane er no lite brukt.

Kjelder endre