Hydrometer

instrument som måler tettleik av væsker
(Omdirigert frå Areometer)

Eit hydrometer eller areometer er eit måleinstrument som blir nytta til å måle tettleiken eller spesifikk graviteten (relativ tettleik) i væsker.

Hydrometeret er vanlegvis laga av glas med eit tungt lodd nedst i ein behaldar for å flyte riktig veg. Frå denne går det eit tynt sylindrisk røyr rett oppover. Hydrometeret flyt i væsken vi vil måle tettleiken i. Det tynne sylindriske røyret er merkt for konsentrasjonar, anten med ein papirstrimmel i røyret, eller med merke på røyroverflata. Avlesinga av instrumentet skjer ved å sjå kor væskeflata kryssar det tynne sylindriske røyret med skalaen for tettleiken.

Måleintervallet er bestemt av vekta av instrumentet og volumintervallet av den nedsenka delen av instrumentet, når det tynne røyret er nesten heilt over væskeoverflata til volumet når det tynne røyret er nesten nedsenka i væska. For å måle eit større intervall med tettleiker er det vanleg å nytte fleire hydrometer med ulik vekt og dermed ulike måleintervall.

Målemetoden baserer seg på Arkimedes lov som seier at krafta av oppdrifta er lik vekta av væsken som den flytande lekamen skyv vekk. Derfor vil instrumentet flyte djupt ved låg tettleik av væska og det flyt høgt ved større tettleik av væsken. I lettare væsker som bensin og alkohol flyt hydrometeret djupt, medan i tyngre væsker som saltlake, mjølk og sterke syrer flyt hydrometeret høgt.

Nokre historikarar tillegg Hypatia av Alexandria oppfinninga av hydrometeret sjølv om det er få eller ingen prov for dette.

Bruk av hydrometer endre

 
Ein heimebryggar måler alkoholmengda med hydrometer.
 
Eit moderne hydrometer i ei sukkerløysing.

Hydrometre blir mykje nytta til å fastsette verdien av løysingar både av mellom anna mjølk, sukker, øl, vin og svovelsyre.

Mjølk er samansett av stoff som både er lettare og tyngre enn vatn, som feitt, sukker og salt. Derfor er det òg naudsynt med fastsetting av feittinnhald for å finne mjølkekvaliteten.

Spesialiserte hydrometer endre

Spesialhydrometer har ofte namn etter bruken: t.d. eit laktometer er eit hydrometer laga spesielt for å måle meieriprodukt.

Laktometer endre

Eit laktometer (eller galaktometer) er eit hydrometer nytta til å undersøke mjølk.

Alkoholometer endre

Eit alkoholometer er eit hydrometer som er kalibrert til å måle alkoholstyrken i væsker. Det er òg kjent som eit proof and traille hydrometer i engelsktalande land. Eit alkoholometer måler eigentleg berre tettleiken til væska.

Saccarometer endre

Eit saccarometer er eit hydrometer som er kalibrert for å bestemme sukkerkonsentrasjonen i væsker. Det blir i hovudsak berre nytta av ølbryggarar og vinleggarar for å bestemme sukkermengda før gjæringa blir starta.[1] and it can also be used in making sorbets and ice-creams.[2] Det første saccharometer for ølbryggarar var konstrulert av John Richardson i 1784.[3]

Termohydrometer endre

Eit termohydrometer er eit hydrometer med eit termometer innbygd i flytedelen. For å finne tettleiken til ulike petroleumsprodukt, som brenseloljer, er prøva vanlegvis varma opp ved å nytte ei temperaturkappe med eit termometer plassert bak henne sidan tettleiken er avhengig av temperaturen. Lette oljer er plassert i kjølekapper, typisk ved 15 °C.

Barkometer endre

Eit barkometer er eit hydrometer som er kalibrert for å finne styrken i væsker til garving av lêr.[4]

Batterihydrometer endre

Tilstanden til eit blybatteri kan estimerast frå tettleiken til svovelsyreløysinga nytta som elektrolytt.

Frostvæskemålar endre

Ein annan bilbruk av hydrometer er for å undersøke kvaliteten på frostvæskeløysingar som er nytta til kjøling av bilmotorar.

Acidometer endre

Eit acidometer, eller nokre gongar stava acidimeter, er eit hydrometer nytta til å måle den spesifikke graviteten til ei syre. [5]

Ved analyse av finkorna jordprøver er det nyttig å løyse ei bestemt volumeining jord i eit kjent volum vatn. Når jordpartiklane er svevande i løysinga vil hydrometeret flyte høgere.

Urinundersøking endre

Tidlegare var det vanleg på legekontora og sjukehuslaboratoria å måle tettleiken av urin med hydrometer. Det har no komme analysestrimlar som saman med mange andre analyser òg gir urinen sin tettleik som ein farge som kan tolkast med en fargeskala. Ved dehydrering / væskemangel vil urinen bli meir konsentrert med større tettleik og hydrometeret ville flyte høgt. Ved nyresvikt kan det komme mykje urin med låg tettleik sidan nyrene ikkje greier å bli kvitt avfallsstoff og substansar som bør fjernast frå blodet.

Feilkjelder ved bruk av hydrometer endre

Hydrometeret må flyte fritt. Dersom det gnissar mot kanten av behaldaren som væska er i, kan det bli for høg eller for låg måling. Dersom overflatespenninga trekk hydrometeret opp eller ned kan dette gi ein feil i avlesinga.

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Country house brewing in England ... - Google Books. books.google.com. Henta 11. oktober 2009. 
  2. Patisserie - Google Books. books.google.com. Henta 11. oktober 2009. 
  3. Instruments of science: an ... - Google Books. books.google.com. Henta 11. oktober 2009. 
  4. Charles Thomas Davis, The manufacture of leather: being a description of all of the processes for the tanning and tawing with bark, extracts, chrome and all modern tannages in general use. H. C. Baird & co., 1897. Henta 11. oktober 2009. 
  5. «Acidometer». The Free Dicionary. Farlex. 2003. Henta 18 September 2010.