Bavenitt
Bavenitt er eit kvitt til svakt farga beryllium-mineral, som særleg opptrer i granittpegmatittar saman med beryll. I Noreg er det til dømes kjent frå ein slik førekomst ved Boksjø i Østfold. Det vart opphavleg funne i druserom i ein granitt ved Baveno i Italia, som har gjeve opphav til namnet, og seinare funne på tilsvarande måte i drammensgranitten i Oslofeltet. Mineralet krystalliserer rombisk, med den kjemiske formelen Ca4Be2Al2Si9O26(OH)2.
Kjelder
endre- Bavenitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/bavenitt.