Beryllium
Beryllium er eit grunnstoff med atomnummer 4 og kjemisk symbol Be. Beryllium er eit jordalkalimetall som er stålgrått, sterkt og lett, men skjørt. Samanlikna med dei andre jordalkalimetalla er det forholdsvis sjeldant i jordskorpa. Edelsteinar som akvamarin og smaragd er beryllium-aluminium silikat. På grunn av høg styrke og smeltepunkt, vert beryllium brukt i fly og forsvarsindustrien, oftast i legeringar. Sidan beryllum har låg elektrontettleik og derfor slepp gjennom røntgenstrålar, blir beryllium brukt som vindauge i røntgenapparat. Beryllium virker som nøytronreflektor, og vert derfor nytta i kjernereaktorar og kjernevåpen.
HistorieEndra
Berylliumsambindingar har vore kjent sidan antikken, i form av edelsteinar som smaragd og akvamarin (som er mineralet beryll med ulike ureiningar), men det var ikkje kjent som eit grunnstoff før Louis-Nicolas Vauquelin studerte beryll i 1798. Metallet er kalla opp etter dette mineralet. Beryllium vart første gong framstilt i rein form i 1828 av Friedrich Wöhler og Antoine Bussy uavhengig av kvarandre.
Særskilde kjenneteiknEndra
Beryllium er eitt av lettmetalla som har dei høgast smeltepunkt. I tillegg til å vera lett er det sprøtt. Det er i tillegg svært giftig og relativ sjeldant i jordskorpa. Det vert brukt berre i relativt liten grad. Mange berylliumsambindingar smakar søtt, men dei er giftige.
Fysiske kjenneteiknEndra
Beryllium er svært hardt og uelastisk, om lag 50% mindre elastisk enn stål. Smeltepunktet er det høgste av alle lettmetall, 1287 °C.
Kjemiske kjenneteiknEndra
Beryllium er eit jordalkalimetall, og i likskap med dei andre metalla i gruppa, dannar beryllium nesten utelukkande sambindingar der beryllium har oksidasjonstilstand Be(II).
Beryllium er mindre reaktivt enn dei andre alkalimetalla. I luft dannast eit lag av Berylliumoksid (BeO), som hindrar vidare oksidering. Dette laget gjer og at beryllium kan ripe glas. Oksidlaget gjer og at beryllium ikkje vert oppløyst i oksiderande syrer som salpetersyre, men vert oppløyst i saltsyre og ein del andre ikkjeoksiderande syrer.
Beryllium er mindre reaktivt enn ein dei andre jordalkalimetalla, og har eigenskapar som tyder på at det er tale om kovalente bindingar, eller ein har ionet . Eit døme er at smelta berylliumfluorid( ) ikkje leier straum, slik ein skulle vente dersom det var eit ionesamband.
FramstillingEndra
Beryllium vart framstilt ved å varme opp med natrium-silisium heksafluorid ( ) og beryll, som gir berylliumfluorid( ). Berylliumfluorid blir sidan redusert med magnesium til beryllium metall. Ein alternativ metode er elektrolyse av berylliumklorid ( ) i løyst opp i natriumklorid ( ).
BrukEndra
Beryllium vert mykje brukt i som forsterkande del i legeringar.
Grunnstoffet vert brukt som nøytronreflektor i kjernereaktorar.
HistorieEndra
Louis Vauquelin oppdaga stoffet i 1798 som oksidet i beryll. Det vart isolert av to forskarar som arbeida uavhengig av kvarandre, Friedrich Wöhler og A. A. Bussy, i 1828. Dei brukte begge kalium som reagerte med berylliumklorid.
NamnEndra
Namnet beryllium kjem frå gresk beryllos (βήρυλλος), eit gresk ord av indisk opphav som viser til beryll - eit mineral som inneheld beryllium, eller ein grøn edelstein. Ordet briller har same opphav.
Stoffet har òg vore kjent under namnet glucinium. Dette kjem frå gresk glykys (γλυκυς), søtt, og vart brukt fordi salt laga med beryllium ofte er søte.
FørekomstEndra
IsotoparEndra
TryggleikEndra
Beryllium og berylliumsambindingar er giftige og kan vera kreftframkallande.