Bazhong
Bazhong (kinesisk: 巴中; pinyin: Bāzhōng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord. Byprefekturet har eit areal på 12 301 km², folketalet vart i 2007 berekna til 3,74 millionar.
Bazhong ligg ved sørsida av Dabafjella. Heile området er rikt på fjell, med toppar opp til 2 507 meter over havet. Lågaste punktet i prefekturet er på 208 moh.
Byprefekturet Bazhong omfattar eitt distrikt (区 qū) og tre fylke (县 xiàn).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bazhong» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Bazhong» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2012.