Opna hovudmenyen

Folkerepublikken Kina

land i Aust-Asia
Denne artikkelen handlar om republikken på Fastlands-Kina. For republikken på Taiwan, sjå Republikken Kina.
中华人民共和国

Zhōnghuá Rénmín Gònghéguó (norsk: Folkerepublikken Kina, kinesisk)

Det kinesiske flagget Det kinesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Yìyǒngjūn Jìnxíngqǔ», norsk «Marsjen åt dei frivillige»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Folkerepublikken Kina
Offisielle språk Kinesisk
Hovudstad Beijing
Styresett
Folkerepublikk
Xi Jinping
Li Keqiang
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
9 596 960 km² (4.)
2,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 379 302 771 (1.)
143,7 /km² (59.)
Grunnlagd
Erklært

1. oktober 1949
Nasjonaldag 1.2. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
19 510 000 mill. USD (1.)
14 800 USD (88.)
Valuta Renminbi (RMB¥)
Tidssone UTC +8
Telefonkode +86
Toppnivådomene .cn



Folkerepublikken Kina (Zhonghua Renmin Gongheguo) er den eine av dei to kinesiske statane. Den andre er Republikken Kina.

Folkerepublikken Kina kontrollerer heile fastlands-Kina. Folketalet er størst i verda, og landet er tredje største i flatevidd.

Jordbruk er viktigast for den kinesiske økonomien.

HistorieEndra

 
Kart over tradisjonelle regionar. Namn på kartet, som no er provinsnamn, Shandong,Sichuan, og Hainan.

Folkerepublikken Kina vart oppretta den 1. oktober 1949, etter at kommunistane erobra Fastlands-Kina under den kinesiske borgarkrigen. Nasjonalistane, Guomindang, som hadde regjert Republikken Kina sidan 1911, flykta då til Taiwan. I 1971 vart Folkerepublikken Kina anerkjent som Kina si legitime regjering av dei sameinte nasjonane. Til då hadde republikken på Taiwan hatt Kina sitt sete i SN og tryggingsrådet.

GeografiEndra

Folkerepublikken Kina grensar til Tadsjikistan, Kirgisistan, Kasakhstan, Russland, Mongolia, Nord-Korea, Gulehavet, Austkinahavet, Formosastredet, Sørkinahavet, Vietnam, Laos, Burma, Bhutan, Nepal, India, Pakistan og Afghanistan.

Dei austlege slettene og sørlege kystområda er i stor grad fruktbart lågland.Dei sørlege områda, det vil seie sør for elva Chang Jiang (òg kjend som «Yangtze») er prega av fjell-terreng. Dei vestlege og nordlege delane av landet dominerast av basseng (t.d. Gobi og Taklamakan), platå og bergmassiv.

Huangelva ('gul elv') går gjennom slettane i nord.

Austleg delEndra

 
Bashang-platået (Bàshàng Cǎoyuán) i Hebei, år 2010
Nordaust-sletta

Nordaust for Shanhaiguan går eit stykke av det flate kystlandskapet over i Nordaust-sletta.Slettane går nordover, mot området der Store Khingan og Lille Khingan kjem saman. Changbaifjella mot aust skil Koreahalvøya og Kina.

Nordsletta

Taihangfjella er grensa til den vestlege sida av Nordsletta i Kina. Dei to andre sidane er Stillehavet i aust og elva Chang Jiang i sørvest. Dei einaste fjella på sletta er Taishanfjellet i Shandong, og Dabie-fjella i Anhui. Beijing ligg på den nordlegste fliken av Nordsletta, og er skydda av fjella som møtast, Taihang og Yanfjella.

Den kinesiske muren er bygd på fjella langs den sørlege kanten av det indre mongolske platået. Muren som er frå tida til Ming-dynastiet går frå ShanhaiguanBohai-kysten, til Hexi-korridoren i Gansu.

SørEndra

 
Fjell-landskap i Sør-Kina sin Guangxi-provins, på staden Yangshuo

Aust for Tibetplatået spreier fjella seg mot Sichuanbassenget som er omringa av fjell med høgde frå 1.000-3.000m. Søraust for Tibetplatået og sør for Sichuanbassenget ligg Guizhou-Yunnan-platået, som okkuperar ein stor del av Sørvest-Kina.

Sør for elva Chang Jiang: Kjerna til provinsen Hunan og til Jiangxi, er kvart sitt nedslagsfelt (basin) omringa av fjell. Wuling-fjella skil Guizhou frå Hunan. Luoxiao og Jinggang skil provinsen Hunan frå Jiangxi, som er skild av Wuji-fjella, frå Fujian. Kystprovinsane i søraust, Zhejiang, Fujian og Guangdong har lommar av lavland med fjell innanfor. Nan Ling-fjellkjeda skil Hunan og Jiangxi ifrå Guangdong.

Xinjiang-MongoliaEndra

 
Løssplatået (Huángtǔ Gāoyuán) nær Hunyuan i Datong i Shanxi-provinsen.

Nordvest for Tibetplatået, mellom den nordlege nedstiginga mot Kunlun og sørleg nedstiging mot fjellkjeda Tian Shan, ligg Tarimbekkenet i Xinjiang, med ørkenen Taklamakan innanfor. I aust vender nedslagsfeltet ned mot innsjøen Aydingkol. Nord for Tian Shan ligg Xinjiang sitt andre store nedslagsfelt Dzungaria,[1] som ørkenen Gurbantünggüt er del av. Bekkenet Dzungaria grensar i nord til Altajfjella som skil Xinjiang ifrå Russland og Mongolia. Nordaust for Tibetplatået bryt fjellkjeda Altun Shan-Qilianfjella ifrå Kunlun. Nord for Quilian ligg Hexi-korridoren i Gansu. Lenger nord ligg det mongolske platået, og endå lenger nord blir det til fjellkjeda Store Khingan i Nordaust-Kina.

Mellom Qinling og det indre mongolske platå ligg Løssplatået som dekker Shaanxi og delar av provinsane Gansu og Shanxi og regionen Ningxia Hui. Høgsletta er knytta til aust gjennom Luliang-fjellet i Shanxi, som har eit bekken langs elva Fen. Lengre aust ligg Taihangfjella i Hebei.

Høgland

Fjella Karakorum, Pamir og Tian Shan skil Kina frå Sør- og Sentral-Asia.

Nord for Himalaya og aust for Karakorum/Pamir-fjellkjeda ligg Tibetplatået.I nord grensar platået til Kunlun-fjellkjeda.

Dei høgste fjella på grensa er Mount Everest, K2, Lhotse, Makalu, Cho Oyu, Gasherbrum I, Broad Peak, Gasherbrum II, Gyachung Kang og Gasherbrum III. Det lågste av dei nemnde fjella, er 7.946m høgt.

Administrativ inndelingEndra

Landet er delt inn i 23 provinsar, 5 autonome regionar og 4 kommunar.

Provinsar

Autonome regionar


Kommunar


Spesielle administrative regionar

BakgrunnsstoffEndra

Sjå ògEndra

  1. Dsungaria. Store norske leksikon. Vitja 2019-09-12. «... Dzungaria»