Beaubourg av Vangelis

Beaubourg
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1978
Innspelt Nemo Studios, London, 1978
Sjanger Electronica, eksperimentell musikk
Lengd 39:14
Selskap Windham Hill, RCA (LP) # INTS 5158
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Spiral
(1977)
Beaubourg Hypothesis
(1978)


Beaubourg er eit album av den greske musikaren Vangelis frå 1978. Det er heilt synthesizer-basert og særs eksperimentelt, basert på eksperimentelle improvisasjonar. I lag med Hypothesis (spelt inn i 1971 og uoffisielt gjeve ut i 1978) vert det ofte rekna som eit av dei minst tilgjengelege verka til Vangelis. Invisible Connections (1985) vert ofte òg rekna med i denne kategorien, basert på eksperimentell klassisk musikk.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

Albumet er meint å reflektere livet i bydelen Beaubourg i Paris, der Vangelis budde tidleg i 1970-åra. Beaubourg er ein musikalsk representasjon av Centre Pompidou i Paris.

Musikken på albumet vart framført med ein eller fleire Yamaha CS-80 og ringmodulator, som han brukar mykje.

Plateomslaget er laga av Vangelis sjølv. Lydteknikar på albumet var Keith Spencer-Allen, som var assistert av Marlis Duncklau.

Allmusic skreiv om albumet at det var «i beste fall vanskeleg å lytte til».[1]

Innhald endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Beaubourg, Part I»18:09
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Beaubourg, Part II»21:05

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 McDonald, Steven. «Beaubourg». Allmusic. Henta 5. september 2014.