Spiral av Vangelis

Spiral
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1977
Innspelt Nemo Studios, London, 1977
Sjanger Electronica
Lengd 39:25
Selskap RCA Records #3022 (LP)
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
The Vangelis Radio Special
(1976)
Spiral Beaubourg
(1978)


Spiral er eit studioalbum av den greske musikaren Vangelis frå 1977. Plateomslaget vart laga av Vangelis sjølv.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars [1]

Songen «To the Unknown Man» vart gjeven ut som singel med «To the Unknown Man Part 2» som B-side. Sjølv om denne har same namn, så er det ein heilt annan song.

Innhald endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Spiral»6:55
2.«Ballad»8:27
3.«Dervish D»5:21
Side to
Nr.TittelLengd
4.«To the Unknown Man»9:01
5.«3+3»9:43

Spor 3 har undertittelen «(inspired by the Dervish dancer who by his whirling realises the spiralling of the universe)».

Instrumentering endre

Albumet er instrumentalt, utanom den handsama vokalen til Vangelis på «Ballad» (ein av få høve der ein kan høyre stemma hans på eit album). Vangelis speler synthesizer, sequencer, elektrisk piano, trommer og perkusjon. Det er det første albumet der Vangelis speler på ein Yamaha CS-80 synthesizer, som han nytta mykje på seinare album.

Stil endre

Spiral er eit futuristisk album og Vangelis nyttar mykje synthesizerteknologien som fanst på denne tida. Albumet er truleg det mest sequencer-baserte han laga i karrieren sin. Kvart stykke har sin særeigen stil.

«Spiral» byggjer på ein arpeggio-akkord som går frå den eine til den andre kanalen i stereo, og gjev lyttaren ei spiralkjensle. Stykket heldt fram med sequencer-pulsar og synthane til Vangelis.

«Ballad» er eit roleg stykke, som byggjer på elektrisk orgel, munnspel (truleg ein synthesizer lyd) og stemma til Vangelis gjennom filter og klang. Han byggjer seg opp med synth-brass og pauker, før han går attende til munnspel.

«Dervish D» er i følgje plateomslaget «inspirert av ein Dervish-dansar som ved å spinne rundt forstår det spiraliserande universet». Musikalsk er det lite som minnar om denne mellomaldermusikken. Det vert nytta ein arpeggio mer perkusjon og synthesizermelodi.

«To the Unknown Man» er eit stykke i tre delar. Han starta minimalistisk med ein langsam puls-sekvens og ein enkel, gitarliknande elodi. Styrkarar kjem inn og stykket utviklar seg til å bli marsj-liknande i andre delen. I den tredje delen har melodien nesten heilt forsvunne og erstatta av ein rockerytme og orgelakkordar.

«3+3» er bygd opp av tredelar. Han består av tre delar, og takten er anten 3/4 eller 6/8, medan ein utførleg 12/8-puls går gjennom heile stykket.

Kjelder endre

  1. DeGagne, Mike. Spiral av VangelisAllmusic