Bedre gardsdrift

Bedre Gardsdrift er eit frittståande landbrukstidsskrift som vert utgjeve av Vanebo FagpresseKirkenær i Hedmark. Bedre Gardsdrift har kome ut sidan 1981, først under namnet K.K. Heje Driftsteknikk, men bytte namn til Bedre Gardsdrift i 1991.

Eit utval av tidsskriftet «Bedre Gardsdrift» (2005).

Bedre Gardsdrift er retta mot bonden som produsent av landbruksvarer, og konsentrerer seg om mekanisering, bygningar, praktiske løysningar og økonomi. Bladet gir elles uavhengige traktortestar, gardsanalyser, produktnyhende, veterantraktorar, småsmart, produkt- og marknadsoversiktar. Traktortestane vert utført av det tyske, frittståande fagtidsskriftet «Profi».

Bladet kjem ut ti gångar i året, og blir distribuert til betalande abonnentar. Godkjent opplag første halvår 2006 er 16 797.

Bedre Gardsdrift er norsk representant i juryen for Årets traktor.

BakgrunnsstoffEndra