Ein traktor er eit køyretøy som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamt og lite berekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. Kraftoverføringa har låg utveksling for å gje stor trekkraft og dei fleste traktorane går ikkje fortare enn 30 – 40 km/t. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula lågt, slik at dekka formar seg etter underlaget.

Fig. 1 Ein moderne traktor: Deutz-Fahr Agrotron 105.
Fig. 2 Zetor 10641 mrf frontlastar.

Fig. 3 New Holland TM 135.

Fig. 4 Pronar 5135.

Ordet traktor kjem frå det latinske ordet trahere som tyder å dra. Eit alternativt opphav er at det er ei samanskriving av dei engelske orda traction og motor. Det kjem av at dei første traktorane vart på engelsk kalla traction engines.

Den fyrste traktoren i Noreg kom til landet 17. mai 1908[1][2]. Det var ein Ivel[3]. Eigaren var Isach Coldevin på Dønnesgarden, på Dønna, litt nord for Sandnessjøen i Nordland fylke. Den fyrste traktoren som kom til Island var ein Avery. Han kom til Akranes i 1918 og vart nytta til å pløya med[4].

Oppbygging endre

På dei fleste traktorar er motorblokka, girkassen og bakakselen laga av kraftig dimensjonert støypejarn og bolta saman til ei stiv berande eining. Bakakselen har ikkje fjøring, men på grunn av at dekka har lågt lufttrykk kompenserer dei til dels for mangelen på fjører. Framakselen har som oftast heller ikkje fjøring, men er pendlande opphengt på midten. Eldre tyske traktorar hadde ofte fjøring på framakselen, i form av ei tverrliggjande bladfjør. At traktorar ikkje har fjøring på bakakselen heng saman med at det ville gjera det vanskelegare å halda reiskapen på rett arbeidsdjupn.

Store rammestyrte traktorar er bygd med ramme, på same måte som anleggsmaskinar. Det finst òg nokre store traktorar, med fire like store hjul utan rammestyring som er bygd med ramme. Nokre få av desse, som er berekna på transport, er utstyrte med fjøring på begge akslar. Dei kan då nyttast i hastigheiter opp til 70 – 80 km/t.

Motor endre

Hovudartikkel: Traktormotor

 
Fig. 5: Renault V72 med tosylindra MWM dieselmotor.

Ein traktor er laga for å dra arbeidsreiskap som skal brukast i jordbruket, og motor og kraftoverføring er konstruerte deretter. Ein traktormotor må, i motsetnad til ein bilmotor, tola at det vert teke ut stor effekt over lang tid. Traktormotorar er difor kraftigare dimensjonerte og har lågare turtal enn bilmotorar, noko som òg fører til at dei har gode seigdragingseigenskapar.

Moderne traktorar er utstyrte med dieselmotor, som er driftssikre og har gode seigdragingseigenskapar. Ein dieselmotor har om lag dobbelt så stor kompresjon som ein forgassarmotor, noko som fører til betre virkningsgrad enn forgassarmotorar. På grunn av høgare trykk er kreftene som verkar på dei bevegelege delane større enn for forgassarmotorar, så dieselmotorar må verte dimensjonert kraftigare enn forgassarmotorar. Men ettersom ein traktor likevel må ha ei viss vekt for å overføra motoreffekten til trekkraft er ikkje den større vekta så kritisk.

Mange traktormotorar er utstyrte med turboladar. Desse har ein kompressor som vert driven av eksosen, ved hjelp av eit turbinhjul plassert på same aksling som kompressorhjulet. Turboen roterer med opp til 90 000 o/min og pressar luft inn i sylinderen under trykk, slik at sylinderen vert fylt med meir luft. Meir luft betyr høgare molekyltettleik (meir oksygen), så ein kan brenna meir drivstoff. Bruk av turboladar fører til auka effekt i høve til sylindervolumet og betre brenseløkonomi. Når turboen komprimerte lufta vert ho oppvarma og utvidar seg. Nokre av dei største traktorane er difor utstyrte med ladeluftkjølar, som kjøler ned lufta frå turboen før ho går til sylinderen. Resultatet er større effekt. Bruk av turboladar og ladeluftkjølar medfører at ein tek ut større effekt per sylindervolum, noko som aukar belastningane på motoren og reduserer levetida om motoren ikkje er konstruert for bruk av turboladar.

Artikkelen traktormotor har meir detaljar om dette emnet.

Drivverk endre

 
Fig. 6 Gjennomskjering av girkassen på ein John Deere 3350.

Medan dei fyrste traktorane hadde berre eitt gir i kvar retning (enkelte hadde ikkje revers heller) har moderne traktorar ofte fleire titals gir. Dette gjer at motoren kan arbeida med optimalt turtal, uavhengig av køyrefarten. I tillegg til at dette reduserer drivstofforbruket, vert òg slitasjen mindre.

Tidlegare var ikkje girkassen på traktorane synkronisert fordi usynkroniserte girkassar var meir solide og at traktoren som oftast stod i ro ved skifting av gir likevel. Viss ein ville skifta gir i fart var det naudsynt å dobbeltklutsja og gje mellomgass ved nedgiring og å dobbeltklutsja ved oppgiring. Utover 70-talet vart det meir og meir vanleg med synkronisert girkasse. Det kom òg hydrauliske to-trinns snøggir, som gjorde det mogleg å skifta gir utan å nytta koplingspedalen. Desse vart etter kvart utvida til fleire trinn og i dag har nokre traktorar trinnlaus utveksling.

Av di traktorane som oftast ikkje har fjøring var maksfarten for traktorar lenge avgrensa til 25–30 km/t, men i dag er det mange traktorar som kjem opp i 40–50 km/t, noko som gjer dei konkurransedyktige med lastebiltransport over korte avstandar. Desse har ofte fjøring på framakselen. Det finst òg nokre (store) traktorar med fjøring på alle hjula, med ein maksimalfart på rundt 80 km/t.

Moderne landbrukstraktorar er ofte utstyrte med firehjulsdrift. Dette aukar trekkrafta på sleipt og glatt underlag og fører til betre framkomstevne. At det er drift på framhjula gjer det òg lettare å styra traktoren i sidehellingar og på glatt underlag. Ein annan føremon er at framakslingar med drift vil bremse når ein bremsar bakakselen, noko som aukar sikkerheita ved køyring med tilhengar. Ved bruk av frontmontert reiskap, som til dømes frontlastar, er firehjulsdrift svært nyttig sidan marktrykket på bakakselen vert svært lågt og kan føre til dårleg framkommelegheit.

Bremsar endre

Tidlegare var det vanleg med trommelbremsar, som ofte var plasserte heilt ute ved hjula. Trommelbremsen var utsett for slitasje og kravde etterjustering får å ta jamt på begge sider. Trommelbremsane var innkapsla, men innkapslinga var ikkje heilt tett. Det kunne difor vera eit problem at det kom vatn inn til bremsane, noko som førte til at dei tok ujamt. Om det kom jord eller sand inn i dei førte det til auka slitasje.

På 1960-talet vart det vanleg med innkapsla tørre skivebremsar. Desse hadde to skiver med bremsebelegg som snudde utover mot plane plane stålflater i bremsehuset. Når ein bremsa vart skivene roterte i høve til kvarandre og pressa frå kvarandre av stålkuler som låg i spor i plata. Nokre traktorar hadde tørre skivebremsar plasserte heilt ute ved hjula, medan dei på andre var plasserte på ein tverrliggande aksling før bakakselen, der differensialen òg var plassert. Denne akslingen roterte fortare enn bakakslingen, så dreiemomenter var lågare enn på bakakslingen. Tørre skivebremsar var sjølvjusterande og meir slitesterke enn dei tidlegare trommelbremsane, men bremsebelegget måtte likevel byttast ut etter ei tid.

Dei fleste moderne traktorar er utstyrte med våte skivebremsar. Desse er heilt innkapsla og går i oljebad. Dei er bygd opp av fleire lamellar som er festa til akslingen, med stålskiver mellom som er festa til bremsehuset. Dei vert difor òg kalla lamellbremsar. Når ein bremsar vert lamellane og dei mellomliggande skivene pressa saman av hydrauliske sylindrar[5]. Denne typen er sjølvjusterande og svært robust og slitesterk. Ofte varer dei like lenge som resten av traktoren. Nokre traktorar har opne skivebremsar av same type som på personbilar. Desse er sjøvjusterande, men ikkje like slitesterke som skivebremsar i oljebad.

Alle moderne traktorar er utstyrte med styrebremsar, slik at det er mogleg å bremsa berre eit hjul. På det viset kan ein gjera krappare svingar enn når ein styrer berre med framhjula. Styrebremsane er òg svært nyttige når framhjula ikkje får skikkeleg feste, til dømes på sleipt underlag eller når traktoren har tungt lass bak og vekta på framhjula er lita. Når traktoren er utstyrt med halvbelte er det i stor grad naudsynt å nytta styrebremsane. På landbrukstraktorar er det køyrebremsane som vert nytta som styrebremsar. Sjølv om moderne traktorar har slitesterke bremsar er dei ikkje berekna på at styrebremsane skal nyttast kontinuerleg, som dei ofte vert ved bruk av halvbelte i skogen. Styrebremsane bør berre nyttast ved låg fart. Dei vert vanlegvis manøvrerte med to bremsepedalar, ein for kvar side. Når ein nyttar styrebremsane vert berre den eine pedalen nytta og ved køyring på veg vert pedalane kopla saman. Det er viktig at ein kontrollerer at bremsane er like kraftige på begge sider nå pedalane er samankopla.

Traktorar utan firehjulsdrift har ikkje bremse på framhjula. På firehjulsdrivne traktorar med mindre framhjul enn bakhjul er det noko ulike løysingar i bruk for å bremsa framhjula. På nokre traktorar vert framhjula bremsa av bremsane på bakakselen, via kraftoverføringsakselen. Dei vil då berre fungera når firehjulsdrifta er innkopla. På nokre traktorar vert difor firehjulsdrifta kopla inn automatisk når ein bremsar. Andre har separate skivebremsar på framakselen, som går på saman med bremsane på bakakselen.

På mange traktorar vert køyrebremsane òg nytta som parkeringbrems, ved at dei vert låst med ein spak. Det finst òg døme på separate parkeringsbremsar, som kan vera utforma som bandbremsar.

Hjul og dekk endre

 
Fig. 7 John Deere radrensetraktor med smale jarnhjul.

Fram til tidleg på 30-talet hadde alle jordbrukstraktorar jarnhjul med gripesko for å auka markgrepet. Desse var ubehagelege å køyre på veg, så transporttraktorar hadde ofte heilgummidekk. Tidleg på 30-talet vart det utført forsøk med å nytta luftgummidekk. Allis-Chalmers var ein pioner på dette området; dei starta å eksperimentera med flydekk[6]. Lanz var òg tidleg ute med luftfylte dekk. I den fyrste tida var kvaliteten på dekka dårleg og det var vanleg at stein og røter punkterte dei. Men etter kvart vart kvaliteten betre og bruken auka. Under andre verdskrig var det underskot på gummi og det vart vanleg å gå tilbake til jarnhjul att. Men i etterkrigstida vart dei luftfylte hjula snøgt einerådande.

Hydraulikk endre

 
Fig. 8 Trepunktsopphenget på ein Fendt (toppstaget er ikkje montert).

 
Fig. 9 Claas Celtis 436 RX med frontmontert trepunktsoppheng og kraftuttak.

Moderne traktorar er utstyrte med hydraulisk trepunktsoppheng, Fig. 8. Dette gjer at traktor og reiskap vert ei eining og reiskapen kan lyftast ved enden av teigen og ved transport. Så godt som alle moderne traktorar har hydraulisk trepunktsoppheng med automatisk djupnkontroll, som held reiskapen på rett arbeidsdjupn uavhengig av ujamnheiter i terrenget. Mange større traktorar har òg trepunktsoppheng framme, Fig. 9, slik at dei kan utføra to arbeidsoperasjonar om gongen.

Ein viktig eigenskap ved automatisk djupnkontroll er at det aukar markgrepet. Ved pløying, til dømes, vert plogen justert slik at han søkjer seg nedover. For å halda konstant arbeidsdjupn lyt, i fylgje Newton si tredje lov, den oppoverretta krafta vera like stor som den nedoverretta krafta. Så når plogen vert lyfta opp med ei bestemt kraft vil ei tilsvarande kraft vera retta nedover og trykkja drivhjula hardare mot marka, slik at marktrykket og dermed grepet aukar.

Det var iren Harry Ferguson som utvikla trepunktsopphenget og automatisk djupnkontroll og den fyrste traktoren som var utstyrt med systemet var Ferguson Type A, som kom på marknaden i 1933[7]. Ferguson hadde fleire patent på systemet og andre traktorar hadde difor ikkje automatisk djupnkontroll før mot slutten av 50-talet. Eit unnatak var Ford, som ein periode produserte traktorar for Ferguson og som heldt fram med å nytta Ferguson-systemet etter at samarbeidet var avslutta. Dette førte til ei lang og kostbar rettssak, som Ferguson vann.

Det hydrauliske systemet vert òg nytta for å drive eksterne hydrauliske sylindrar og motorar. Typiske døme er tippsylindrar på tilhengarar, frontlastarar, tømmerkraner, og så vidare.

Kraftuttak endre

 
Fig. 10 Overføringsaksel mellom kraftuttaket og reiskapen.

Moderne traktorar har òg eit, eller fleire, kraftuttak, som vert nytta for å driva roterande arbeidsreiskap, som til dømes snøfresarar, gjødselspreiarar, forhaustarar, osb. Dimensjonar og rotasjonshastigheita (540 eller 1000 o/min) er standardiserte.

Overføringsakselen er omslutta av eit stilleståande røyr som skal hindra at til dømes klede festar seg i den roterande akslingen, Fig. 10. Det har likevel skjedd mange stygge ulykker på grunn av at vernet har vore skadd slik at akslingen har fått tak i laustsittande klede, skjerf, anorakksnorer og liknande. Det er særleg ved endane av akslingen at vernet kan vera mangelfullt.

Vernebøyle og førarhus endre

 
Fig. 11 Førarhuset på ein Lamborghini R6-150.

På dei fleste traktorane er førarhuset plassert lang bak, slik at føraren har god oversikt over bakmontert reiskap. Nokre traktorar har førarhuset plassert om lag midt på. Dette er vanleg for store rammestyrte traktorar, men nokre hjulstyrte traktorar med fire like store hjul har òg midtmontert førarhus. Eit typisk døme er den tidlegare Daimler-Benz MB Trac og International Harvester 4100. Det finst òg døme på traktorar med frontmontert førarhus, som Deutz Intrac og transporterar.

Etter som traktorane vart meir utbreidd vart velteulukker vanlegare, noko som førte til mange dødsulukker. Det kom difor påbod om at alle nye traktorar skulle vera utstyrte med godkjente vernebøyler. Sverige var fyrst ute med eit slikt påbod i 1959, Austerrike fylgde etter i 1960, Noreg i 1964 og Tyskland i 1968. Dette reduserte skadane ved desse ulykkene kraftig. I Sverige kom det påbod om ettermontering av godkjent vernebøyle på eldre traktorar, med frist 1/10-1965.

Når traktoren likevel var utstyrt med vernebøyle vart det vanleg å kle inn bøyla slik at føraren var beskytta mot vêr og vind. I starten var innkledninga som oftast primitiv og det var vanleg at ho var laga av seglduk, med plast til vindauge. Men etter kvart vart det vanleg med metallveggar og glas. Både vernebøyler og innkledning vart som oftast produserte av føretak som spesialiserte seg på dette og som tilpassa produkta sine til fleire traktormerke.

Slike hytter gav rimeleg godt vern mot ver og vind, men dei førte òg til at støynivået auka; blikkhyttene fungerte som resonanskammer og forsterka støyen. Det kom difor krav om at lydnivået ikkje skulle overstiga ei viss grense. Sverige var på nytt eit føregangsland og var tidleg ute med påbod om maks støynivå. I 1970 kom den svenske traktorprodusenten Volvo BM med ein ny traktor, T 650, som hadde lydisolert førarhus montert på vibrasjonsdempande feste. Den finske produsenten Valmet var òg tidleg ute med lydisolerte førarhus. Moderne traktorar har komfortable lydisolerte førarhuset, Fig. 11, avfjøra sete og ergonomisk plasserte betjeningsorgan. Førarhuset på Claas Xerion 3300, Fig. 15, er normalt plassert midt på traktoren, men kan flyttast hydraulisk og plasserast heilt bak, slik at føraren har så godt oversyn over reiskapen som mogleg. Traktoren har 50 hastigheiter i begge retningar og fungerer like godt i begge retningar. Førarhuset kan òg verte rotert 180°, så ved å plassera førarhuset heilt attast og endra køyreretning endar ein opp med frontmontert førarhus.

Ulike traktortypar endre

Bakhjulsdrivne traktorar endre

 
Fig. 12 Massey Ferguson 175 (1964-1975).

Før 1920 varierte oppbygginga av traktorane mykje, men etter kvart vart dei meir like. Dei fleste landbrukstraktorane produserte etter 1930 har frontmontert langsstilt motor, etterfylgd av girkasse og bakaksel. Desse delane er som oftast laga av støypejarn og er bolta saman til ei stiv eining. På grunn av at motor og girkasse er ein del av den berande konstruksjonen er dei kraftig dimensjonerte. Mange traktorar har ei sokalla «halvramme», som går frå bakkant av motoren til framakselen. Motoren er då ikkje ein del av den berande konstruksjonen. Ein føremon med halvramme er at ho òg fungerere som festebrakett for reiskap som frontlastarar, frontmonterte vinsjar, o.l.

Denne traktortypen har førarhuset bak, slik at føraren har godt utsyn til bakmontert reiskap, figur 12. Sjølv om dei fleste reiskapane er bakmonterte, har det i dei siste åra vorte meir vanleg med frontmontert trepunktsoppheng, figur 9, og kraftuttak i tillegg, slik at ein kan utføra to arbeidsoperasjonar i gongen. Med frontmontert reiskap kan det vera eit føremon med ei høgare plassering av førarplassen, for å få betre utsikt framover.

Firehjulsdrivne traktorar endre

 
Fig. 13 Valmet 605.

Heilt fram til 1970-talet var det vanleg med drift berre på bakhjula. Desse hadde difor mykje større diameter og breidd enn framhjula, som berre hadde som oppgåve å bera framenden og styra. Frå 1970-talet byrja det å verta vanleg med drift på framhjula. Desse var då større enn framhjul utan drift, men framleis mykje mindre enn bakhjula. Denne typen firehjulsdrift var likevel eit stort framsteg, særleg ved køyring på blautt underlag, i terrenget og ved bruk av frontlastar. I dag er dei fleste større traktorar utstyrte med firehjulsdrift. Storleiken på framhjula har auka, men dei er framleis mindre enn bakhjula, figur 13.

Denne traktortypen er den mest utbreidde og utgjer det viktigaste produktet for produsentane. Sjølv om hovudtrekka er like uavhengig av produsent er likevel mange av detaljane forskjellige. På område som girkasse og hydraulikk freistar dei ulike produsentane å tilby unike løysingar. Mange produsentar produserer nokre få grunneiningar, men tilbyr ulike motorstorleikar, fleire forskjellige girkassar, to- eller firehjulsdrift og ymse ekstrautstyr. Nokre av dei set saman fleire ulike kombinasjonar av motor, girkasse, osv. og får slik eit stort modelltilbod.

Firehjulsdrivne traktorar med like store hjul endre

 
Fig. 14: Schlüter Profi Trac 5000 TVL II (1978).

 
Fig. 15: Claas Xerion 3300 med flyttbart førarhus.

Denne typen har fire like store hjul, som alle har drift. Tidlegare var mange slike traktorar ombygde bakhjulsdrivne traktorar, som til dømes Ford County, som var bygd på Ford-chassis og som i Noreg var ein populær gravemaskintraktor. Muir Hill var òg bygd på Ford-chassis, men ombygginga var meir omfattande enn for Ford County.

Andre traktorar av denne typen var konstruerte for fire like store drivhjul heilt frå starten. Desse hadde vanlegvis 2/3 av vekta på framakselen og 1/3 på bakakselen, men under drift førte trekkrafta til at vektfordelinga vart om lag den same på begge akslane. Denne traktortypen har betre trekkraft enn traktorar med mindre framhjul, men snuradiusen er større, så dei er ikkje fullt så lette å manøvrera der det er trongt. Typiske døme på denne typen er dei tidlegare ungarske Dutra D4K og 120, Schlüter Profi Trac, figur 14, og Daimler-Benz MB Trac.

Dei fleste traktorane av denne typen har styring berre på framhjula, men nokre har styring på alle fire hjula. Ved køyring på langs i bratt terreng kan traktoren haldast parallell med køyreretninga ved at både fram- og bakhjula vert stilte i ein viss vinkel mot bakken. Som døme på tidlegare traktorar med firehjulsstyring kan ein nemna International Harvester 4100 (1966–1968) og 4166 (1972–1976), Case 1200 (1964–1968) og 2470 (1974–1978)[8]. Claas Xerion, figur 15, er ein stor traktor på 280 kW (380 hk), med drift og styring på fire like store hjul. Det sveitsiske føretaket Rigitrac produserer òg traktorar med både drift og styring på fire like store hjul, med motoreffektar på 75 kW (100 hk) og 88 kW (126 hk). Både Claas Xerion og Rigitrac er bygd på ramme. I staden for pendlande framaksel kan den fremre og bakre delen av ramma på Rigitrac vri seg i høve til kvarandre.

Rammestyrte traktorar endre

 
Fig. 16: Tysk frimerke med Massey Ferguson rammestyrt traktor.

 
Fig. 17: Case-IH 9240 rammestyrt traktor.

 
Fig. 18: Holder Cultitrac AM2

Dei aller største landbrukstraktorane er rammestyrte. Det har vorte produsert små rammestyrte traktorar heilt frå 1918,[9] men det var fyrst på 1950-talet at dei fyrste rammestyrte traktorane med hydraulisk styring dukka opp. Den fyrst vellukka landbrukstraktoren med hydraulisk manøvrert rammestyring var Wagner TR-14, som kom på marknaden i 1956[8]. Han hadde ein motoreffekt på 120 kW (160 hk) og fire like store hjul. Steiger var ein annan kjent pioner av rammestyrte traktorar.

Med unnatak av nokre småtraktorar er alle rammestyrte traktorar bygd med ramme. Nokre har pendlande framaksel, andre pendlande bakaksel, medan ein tredje type let fram- og bakdelen rotera i høve til kvarandre. Førarhuset er vanlegvis plassert på den fremre delen, men International Harvester produserte nokre rammestyrte traktorar der førarhuset var plassert på den bakre delen[10].

I dag finst det eit stort utval av rammestyrte traktorar, frå føretak som Agco, Buhler Versatile, Case-IH, John Deere, Kharkov, Kirovets. Nokre av desse har motoreffektar opp mot 450 kW (600 hk). Det vert ikkje produsert så mange av dei største modellane. Nokre, som Big Bud 16V-747 frå 1978, vart produsert i berre eit eksemplar[8]. Denne traktoren vog 58 tonn fullt utrusta og var utstyrt ned ein 16-sylindra motor på 567 kW (756 hk), men som kunne yta opp til 746 kW (990 hk).

Rammestyrte traktorar høver best på gardsbruk med store areal og er mest populære i Aust-Europa og Nord-Amerika. I det siste tiåret har det kome nokre rammestyrte traktorar med gummibelte på marknaden, figur 17. Desse er fyrst og fremst mynta på mark med dårleg bereevne.

Forutan store rammestyrte traktorar vert det produsert småtraktorar med rammestyring, figur 18. Kjente produsentar er Holder i Tyskland og Carraro i Italia. Desse vert fyrst og fremst nytta på små bruk med bratt terreng, men òg til vindyrking.

Tandemtraktorar endre

 
Fig. 19 Doe Dual Drive 130 tandemtraktor.
Hovudartikkel: Tandemtraktor

Ein tandemtraktorer er ein rammestyrt firehjulsdriven traktor som er sett saman av to bakhjulsdrevne traktorar. Dei dukka opp på 1950-talet då framakselen på to bakhjulsdrevne traktorar vart fjerna og traktorane vart kopla saman med eit ledd på midten. Ein fekk då ein firehjulsdriven rammestyrt traktor.

Ernst Doe and Sons var ein av dei best kjente produsentane av tandemtraktorar. Den fyrste tandemtraktoren frå Doe, Doe Dual Power, var bygd på to Fordson Super Major, som kvar hadde ein effekt på 40 kW (54 hk).

Tandemtraktorane til Doe hadde mykje større trekkraft enn andre traktorar på denne tida og erfaringane var gode. På grunn av rammestyringa var heller ikkje snuradiusen heller ikkje alt for stor. Andre kjente produsenten av tandemtraktorar var basert på to Field Marshall [11], Ford 8N, Ford 860, Bolinder-Munktell BM 36, BM Volvo Boxer 350,[12] Vladimir T28, osb.

Smalsportraktorar endre

Smalsportraktorar er små traktorar med ekstra smal sporvidd, vanlegvis berekna på bruk i vinavlingar. Med minste sporvidd kan totalbreidda på slike traktorar vera under 90 cm. Smalsportraktorar er som oftast spesialtilpassa versjonar av ordinære småtraktorar. I Noreg er det naturleg nok minimalt marknad for denne typen.

Radkulturtraktorar endre

 
Fig. 20 Allis-Chalmers WD (1948-1953) radkulturtraktor.

I 1924 marknadsførte International Harvester ein høgbygd traktor med stor frigangshøgd, som dei kalla Farmall[10]. Denne traktoren var meint å vera svært fleksibel og høva til dei fleste arbeidsoppgåver innan jordbruket. I ettertid har IH Farmall vorte hugsa som den fyrste radkulturtraktoran. Farmall hadde høge smale hjul og i Nord-Amerika vart han populær for arbeid i radkulturar som mais. Mange radkulturtraktorar har eit, eller to tettsittande framhjul, figur 20, og ofte kan sporvidda på bakhjula justerast trinnlaust.

Dei fleste nordamerikanske traktorprodusentane lagar, eller har lage, radkulturtraktorar. I Europa har ikkje denne traktortypen fått like stor utbreiing. Dette heng truleg saman med at høgbygde traktorar har høgt tyngdepunkt og dårleg stabilitet, men òg med at høge vekstar som mais ikkje er like utbreidd i Europa.

Reiskapsberarar endre

 
Fig. 21 Fendt 231 reiskapsberar.

 
Fig. 22 Allis Chalmers GRV frå 1958.

Reiskapsbærarar, figur 21 og figur 22, er små traktorar som vert nytta til småtransport, radrensking, og liknande lett arbeid. Reiskapsberarane er bygd på ei ramme og har motor og førarplass bak. Reiskapen vert så montert mellom hjula, slik at føraren har så god oversikt som mogleg. Ein ulempe med dette er at reiskapen må tilpassast kvar einskild reiskapsberar. Utvalet av reiskap er difor mykje mindre enn for traktorar som nyttar trepunktsmontert reiskap.

Eicher, Fendt og Lantz er kjente tidlegare produsentar og i Aust-Tyskland produserte Traktorenwerk Schönebeck reiskapsberarar i periodar 1952 til 1972[13]. I England produserte David Brown ein reiskapsberar i frå 1956 til 1961 og i USA produserte Allis Chalmers reiskapsberarar frå 1948 til 1955.

I Noreg har ikkje reiskapsberarane fått gjennomslag, men i Tyskland hadde dei i ein periode noko utbreiing. I nokon grad utførte dei same type arbeid som dei høgbygde nordamerikanske radkulturtraktorane. Det var likevel stor skilnad på desse to traktortypane. Dei fleste reiskapsberarane har vore mindre, slik at dei òg kunne nyttast på små åkerlappar og i drivhus. Føraren av reiskapsberarar har òg enda betre oversikt over reiskapen, noko som er verdifullt ved radrensking.

Tohjulstraktorar endre

 
Fig. 23 Kubota tohjulstraktor.

Tohjulstraktorar, figur 23, har berre ein aksel og føraren går etter og styrer med eit styre. Styret er ofte vendbart, slik at maskina kan nyttast begge vegar. Når dei vert nytta med tilhengar sit føraren på hengaren og styrer.

I Noreg spela tohjulstraktorane ein viktig for mekaniseringa av dei mange små brattlendte bruka i fjordane på vestlandet. Mange små bruk gjekk frå hest til tohjulstraktor på 1950-talet. Etter kvart auka tilbodet av reiskap til dei, slik at dei kunne nyttast dei fleste arbeidsoppgåvene. Slåmaskin og jordfres var vanlege reiskap, men dei vart òg utstyrte med belte og vinsj og nytta i skogen[14]. Agria Drott og Drabant hadde etter måten stor utbreiing i skogbruket på 1960-talet. Dei fleste tohjulstraktorane hadde kraftuttak og nokre vart nytta med tilhengarar med drift på tilhengarhjula. EIn fekk då ein rammestyrt firehjulstraktor, med lågt tyngdepunkt. Slike maskiner tok seg godt fram på brattlendte bruk.

I Noreg er det ikkje så mange småbruk i drift lenger og tohjulstraktorane er så mest av historisk betyding. Men i mange land, som til dømes Hellas, Kina og mange andre land i Asia, spelar tohjulstraktorane framleis ei viktig rolle.

Transporterar endre

 
Fig. 24 Lindner T35000 transporter.

Denne traktortypen er bygd på ramme, og har fire relativt små hjul med drift på alle fire hjula, figur 24. Motoren er plasser fremst og føraren sit på sida av motoren. Byggemåtar minner mykje om ein lågbygd lastebil. Transporterane vart utvikla i alpelandet Sveits for brattlendte bruk. Plassen bak motoren og føraren har plass til lasteplan, slik at ein slepp å nytta tilhengar. Med sidemontert fôrhaustar kan transporterar nyttast i bratt terreng. Transporterane erstatta på mange måtar dei tidlegare så populære tohjulstraktorane, men har sjølv fått kraftig konkurranse av firehjulsdrivne traktorar.

Den fyrste transporteraren var utvikla av Schilter i 1958[1]. Andre kjende merke var AEBI, Bucher, Rapid, Lindner og Reform. I Noreg var transporterane populære på 1970 og 1980-talet, men sidan har salet gått ned. AEBI, Schiltrac, Linder, Caron og Reform er av dei attverande produsentane.

Minitraktorar endre

 
Fig. 25 Kubota ASTE A-175 minitraktor.

Minitraktorar, figur 25, eller hagetraktorar, er små traktorar som høver for arbeid i parkar, gartneri, hagar osb. Dei er så små at dei kan verta transportert på ein biltilhengar og er difor lette å flytta frå plass til plass.

Minitraktorar vert ofte nytta med grasklyppar. I høve til sjølvgåande grasklypparar har minitraktorar den føremonen at dei òg kan nyttast til andre arbeidsoppgåver, som snørydding, småtransport osv. Dei vert ofte utstyrte med reiskap som horv, jordfres og nytta til arbeid i hage og drivhus. Minitraktorar har ikkje standard trepunktsoppheng, så utvalet av reiskap er mindre enn for større traktorar.

Beltetraktorar endre

 
Fig. 26 Fiat 955C.
Hovudartikkel: Beltetraktor

Heilt sidan Benjamin Holt laga den fyrste beltetraktoren med forbrenningsmotor i 1904 har beltetraktorar spela ein relativt viktig rolle innan jordbruket. Inntil for nokre tiår sidan vart det stort sett nytta stålbelte, figur 26, av same type som på bulldosarar, men i det siste tiåret har nokre produsentar teke til å nytta gummibelte.

Motor og girkasse er ofte av same type som i hjultraktorar, men beltetraktorar er lågare gira. Beltetraktorar vert styrte med styrebremsar, av same type som på bulldosarar, men hydrostatisk drift har òg vore nytta. På grunn av vangane har dei høgare vekt enn hjultraktorar, men marktrykket er likevel mykje mindre, så dei vert ofte nytta på mark med dårleg bereevne.

Bruksområde endre

 
Fig. 27 Slått med traktor.

 
Fig. 28 Spreiing av naturgjødsel.

 
Fig. 29 Traktor (Case) med rotvekstopptakar.
 
Fi. 30 Tømmerkøyring med traktor.

Dei fyrste traktorane vart fyrst og fremst nytta til pløying og som stasjonærmotorar for å trekkja treskeverk. Effekten vart overført via reimskive og flatreim. Dei var utstyrte med jarnhjul og kunne difor ikkje verta nytta til transportføremål. Plogane som vart nytta var i lang tid slepeplogar, som dei fyrste åra vart drege etter ein kjetting. Dette var eigentleg berre litt store hestereiskap. Seinare vart plogane kopla til ein trekkbom. Dei fyrste løfteplogane vart produserte samtidig med at Ferguson utvikla og tok patent på det hydrauliske trepunktsopphenget med automatisk djupregulering.

Arbeidsoppgåvene vart etter kvart utvida til mange andre kultiveringsoppgåver, ved at horver, gjødselspreiarar, såmaskiner, osb. vart tilpassa traktorane. Heilt nye arbeidsreiskapar, som til dømes snøfresarar, forhaustarar, vinsjar, og liknande kom til seinare.

Etter kvart var traktorane òg nytta til innhausting. I fyrstninga drog dei hestereiskap etter seg, men etter kvart vart reiskapen tilpassa traktordrift. Etter at det vart vanleg med kraftuttak vart dette nytta til å driva slåmaskiner og sjølvbindarar, òg seinare skurtrøskarar. Etter at det vart vanleg med gummihjul kunne traktorane lettare nyttast til transport på veg, noko som var til svært stor nytte for landbruket.

Mot slutten av førtitalet vart det meir og meir vanleg å nytta traktor til tømmerkøyring. Firehjulsdrift var ikkje vanleg enda, så traktorane som vart nytta til skogsdrift var ofte utstyrte med halvbelte; det svenske firmaet ÖSA var ein føregangar på dette området[15]. I ettertid vert femtitalet ofte kalla halvbeltetiåret. Etter at det vart vanleg med firehjulsdrift avtok interessa for halvbelter, firma som til dømes County bygde om fabrikknye traktorar til firehjulsdrift. Utover sekstitalet vart skogstraktorar utstyrte med spesialbygde tømmerhengarar (somme med drift på tilhengarhjula), vinsj, tømmerkran, osb. Slike spesialutrusta skogstraktorar vart opphavet til moderne skogsmaskiner. På dette området låg svenske firma svært langt framme i utviklinga. På grunn av eit meir brattlendt terreng var utviklinga i Noreg annleis enn i Sverige. I dei flatlendte svenske skogane var det lassberarar som høvde best, medan det i dei brattlendte norske skogane var mest rasjonelt å nytta vinsj for å samla tømmeret og så slepa det etter traktoren. Denne arbeidsmetoden vert kalla lunning. Etter kvart vart det utvikla spesialbygde stammelunnarar.

Samtidig med at traktorar vart tilpassa skogsdrift vart dei òg tekne i bruk innan anleggsarbeid. Fyrst ved at det vart utvikla robuste tilhengarar og seinare ved at desse utvikla seg til moderne dumparar. Hjullastarar vart utvikla på same viser, ved at jordbrukstraktorar vart snudde bakfram og utstyrte med kraftige frontlastarar. Traktorgravarar såg òg dagens ljos på same måten.

Soge endre

 
Fig. 31: International Harvester.

Utdjupande artikkel for dette emnet er Utviklinga av traktoren.

Soga om utviklinga av traktoren strekkjer seg tilbake til 1800-talet og dei fyrste traktorane var dampdrivne. Den fyrste traktoren med forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Gas Engine Co. i USA i 1889[16] og den fyrste traktoren med glødehovudmotor vart laga av Richard Hornsby & Sons, i Grantham i Storbritannia[17]. Traktorane som vart laga før 1900, og òg mange som vart produserte etter hundreårsskiftet, hadde ein stasjonærmotor plassert på ei ramme og minte mykje om dei tidlegare damptraktorane. Dei vart styrte ved at heile framakselen vart svinga ved hjelp av kjettingar. Truleg høvde dei best som drivkjelder for treskeverk og mange vart nytta nettopp til det.

Rett etter hundreårsskiftet dukka det opp eit par nye produsentar i Storbritannia, som begge laga mindre og meir lettmanøvrerte traktorar. Den eine var Ivel Agricultural Motors Ltd.[3] og den andre Saunderson. I USA kom det til mange nye produsentar, som Hart-Parr og International Harvester. Traktorane vart i stort mon nytta til å pløya opp prærien og dei vart stendig større og tyngre. At dei var lite manøvrebare var ikkje så farleg ute på dei store jorda på prærien. Fram mot første verdskrigen auka talet på traktorprodusentar og i tida fram mot 1920 tok det til å koma mindre traktorar og fleire fekk råd til å kjøpa dei. Sjølv om det fanst nokre europeiske produsentar var det fyrst og fremst i USA at traktorane fekk innpass. I 1917 starta Ford masseproduksjon av traktorar og kunne produsera dei mykje billigare enn konkurrentane og fram til slutten av 1920-talet dominerte Fordson marknaden.

 
Fig. 32: Valmet 20 (1955–1962).

Trepunktsopphenget med automatisk djupnekontroll, som Harry Ferguson utvikla og sette i produksjon på 1930-talet, representerte eit stort framsteg i utviklinga av landbrukstraktoren, men det var fyrst etter andre verdskrigen at kundane fekk augo opp for det i stort mon. Eit anna viktig steg i utviklinga var overgangen frå bensin- og parafindrift til dieselmotorar. Den fyrste traktoren med dieselmotor kom på marknaden i Tyskland alt i 1922 og ut over 1930-talet kom det fleire tyske traktorar med dieselmotor. Men det var fyrst utover mot 1950-talet at dieselmotoren i stort mon tok over frå forgassarmotoren.

Etter som traktorane vart meir utbreidd auka ulukkene; spesielt velte- og steileulukkene tok mange liv. I 1959 innførte Sverige, som det fyrste landet i verda, påbod om veltesikker vernebøyle på alle nye traktorar. I Noreg kom det eit slikt påbod litt inn på 1960-talet. Utover 1970-talet kom det oppvarma og støydempa førarhus. Det var òg i denne perioden at firehjulsdrift tok til å få innpass, sjølv om det ikkje vart vanleg før ut på 1980-talet.

På 1980 vart det vanleg med synkroniserte girkassar og talet på utvekslingar auka. Denne utviklinga heldt fram på 1990-talet. På 1990-talet var det òg vanleg med meir elektronikk i traktorane og i det siste tiåret har det kome nettbasert kommunikasjon for overføring av styre- og sensorsignal. Satellittnavigasjon er ein annan teknologi som har vorte teken i bruk på større traktorar.

Storleiken på traktorane hadde auka jamt og trutt dei siste tiåra og i Noreg er det i dag er det vanleg med traktorar på rundt 112 kW (150 hk) og fleire produsentar kan tilby traktorar med motorar på opp mot 450 kW (600 hk).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Jensen, A., Veterantraktorer i Norge, Landbruksforlaget, 2000.]
  2. Nordaas, T.M.L., 100-årsdag for landets første traktor, Helgeland Arbeiderblad, 8/5-2008.
  3. 3,0 3,1 Moffitt, J., The Ivel story, Japonica Press, 2003.
  4. Upphaf mótorvæðingar í íslenskum landbunaði, Tíminn, 10. juni 1994.
  5. Malmström, L., Fordonslära: Traktorer och redskapsbärare, Bokförlaget Natur och Kultur, 1999.
  6. Swindford, N., Allis-Chalmers farm equipment 1914-1985, American Society of Agricultural Engineers, 1994.
  7. Fraser, C., Harry Ferguson - inventor and pioner, Old Pond Publishing, 1972.
  8. 8,0 8,1 8,2 Theyssen, D., Roes, B og Simpson, P., Die Welt der Traktor-Giganten, Dieter Theysen Media, 2004.
  9. Dozza, W., Trattori classici italiani dal 1911 al 1955, Giorgio Nada Editore, 2004.
  10. 10,0 10,1 Lefflingwell, R., International Harvester tractors, Motobools International, 2004.
  11. Gibbard, S., Ford tractor conversions - The story of County, Doe, Chaseside, Northrop, Muir-Hill, Matbro & Bray, Old Pond Publishing, 1995.
  12. Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.
  13. Hintersdorf, H., Traktorenkompass DDR-Traktoren und Landmashinen 1945-1990, Motorbuch Verlag, 2005.
  14. Jensen, A., 'Tohjulingar i landbruket, Landbruksforlaget, 2001.
  15. Östberg, M., En smedjas förvandling - ÖSAs historia, FMG ÖSA AB, 1990.
  16. Gray, R.B., The agricultural tractor 1855-1950, American Society of Agricultural Engineers., 1975.
  17. Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages, arkivert frå originalen 11. mai 2006, henta 28. mars 2008 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Traktor

Sjå òg endre