DEFA, opphavleg D. Eidsvig fabrikker, vart grunnlagt i Sandvika utanfor Oslo i 1946 av Didrik Eidsvig, bestefar til noverande eigar av DEFA, som heiter det same.

Det heile starta med produksjon av leiketøy, som til dømes dokker og modellfly og -bilar til den norske marknaden. Etter få år gjekk produksjonen over i lysarmatur, elektriske brytarar, koplingsboksar og stikkontaktar i aluminium. I løpet av 1950-talet vart DEFA den første norske underleverandøren til den svenske bilindustrien.

I 1960 introduserte DEFA den første motorvarmaren sin. Det starta med ein universalvarmar som passa til dei fleste bilar. Seinare i denne perioden starta bedrifta produksjon av blokkvarmarar særskilt tilpassa kvar einskild motortype, og den første elektriske kupévarmaren vart introdusert i løpet av 1960-talet. På denne tida starta DEFA òg produksjonen av servantholdarar i aluminium.

På slutten av 1960-talet flytta DEFA delar av sin produksjon til Nesbyen i Hallingdal, før all produksjon vart flytta dit rundt 1970. Originaldelar for til dømes Volvo, Scania og SAAB vart ein betydeleg del av produksjonskapasiteten innan presstøyping av aluminium.

På slutten av 1970-talet introduserte DEFA sitt Plugin System for bilvarme. Eit minikontaktsystem forenkla samankopling av motor- og kupévarmarar vesentleg. Først på 1980-talet introduserte DEFA eit komplett bilvarmesystem av motorvarmar, kupévarmar, den første elektroniske batteriladaren for montering i motorrommet og eit 12 V startur for montering innvendig i bilkupeen. Starturet var temperaturstyrt, slik at utetemperaturen styrte den naudsynte innkoplingstida for bilvarmesystemet.

På 1980-talet starta DEFA òg å produsere sitt første alarmsystem for bilar, og etablerte ei utviklingsavdeling for elektronikkprodukt på Kongsberg. DEFA Protect vandalsikker lyssetting vart òg introdusert same periode.

I løpet av 1990-talet vart bilalarmsystemet vidareutvikla med mellom anna Canbus-alarmar og den første MC-alarmen. Basert på utviklinga av produkt vart DEFA delt opp i tre separate divisjonar, Automotive Division, Electronic Division og Lighting Division.

Ved tusenårsskiftet introduserte Lighting Division elektriske uttak for parkeringsplassar, marinaer og campingplassar, og Electronics Division introduserte DEFA BoatSecurity.

I 2005 etablerte DEFA ei produksjonseining i Kina under namnet DEFA Technology Wuxi.

Bakgrunnsstoff endre