Kina-regionen

(Omdirigert frå Kina)

Kina (tradisjonell kinesisk skrift 中國, forenkla kinesisk 中国;, pinyin Zhōngguó, Wade-Giles Chung-kuo) er eit land i Aust-Asia som frå 1949 i røynda er delt i to. Folkerepublikken Kina (med hovudstad i Beijing) (eller Peking) omfattar alle fastlandsprovinsane. Republikken Kina (med hovudstad Taipei) styrer berre over provinsen og øya Taiwan (Formosa) og nokre små øyar i provinsen Fujian. Styremaktene i båe republikkane gjer krav på å vera styresmakt i heile Kina. Republikken Kina sin offisielle hovudstad er Nanjing (eller Nanking) som ligg i fastlands-Kina.

Kart over Kina
Den kinesiske muren

Kina er ofte rekna som den eldste framleis eksisterande sivilisasjonen.

Kina har eit folketal på over ein milliard og utgjer ein femdel av menneska på jorda. Fleirtalet er han-kinesarar. Viktige minoritetar inkluderer mandsjuarar. Det kinesiske språket er inndelt i ei rad variasjonar. Beijiingdialekten vert nytta som utgangspunkt for standardkinesisk.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Kinesisk historie.

Den kinesiske antikken hadde følgjande dynasti,
Xia-dynastiet herska i tida 2070 fvt.-1600 fvt.
Shang-dynastiet herska i tida 1600 fvt.-1046 fvt.
Zhou-dynastiet herska i tida 1046 fvt.–256 fvt.
Vår- og haustannaltida var tida 722 fvt.–476 fvt.
Krigarrika-tida var tida 476 fvt.–221 fvt, og med ho slutta den kinesiske antikken.

Qin-dynastiet herska i tida 221 fvt.–207 fvt.

Han-dynastiet herska i tida 202 fvt.–220.

Dei tre kongedøma herska i tida 220–280.

Jin-dynastiet herska i tida 266–420.

Nord- og Sør-dynastia herska i perioden 420–589.

Sui-dynastiet herska i tida 581–618.

Tang-dynastiet herska 618–907.

Dei fem dynasti og ti kongerike herska frå 907 til 960.

Dynastia Liao, Song, det vestlege Xia, og det yngre Jin-dynastiet herska i perioden 960–1276.

Yuan-dynastiet herska 1271–1368.

Særleg frå 600-talet til og med 1300-talet, kunne Kina reknast som den mest avanserte sivilisasjonen i verda.

Ming-dynastiet herska i tida 1368–1644.

Mandsju- eller Qing-dynastiet herska i perioden 1644–1912.

Frå 1800-talet til ut på 1900-talet var landet for svakt til å slå attende europeisk kolonialisme og japansk invasjon. Samstundes var det interne konfliktar i landet. Kommunistsigeren i den kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar i Austkinahavet.


Historia til landet vert kjenneteikna av ymse delingar og samanslåingar mellom skiftande periodar av fred og krig, og valdelege maktskifte. Makta låg gjerne i hovudsak hjå den kinesiske keisaren. Den røynlege makta kunne liggja hjå mektige embetsmenn og regionale krigsherrar. Kina sitt landområde har variert gjennom historia.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kina-regionen