Beit Hillel
Beit Hillel (בֵּית הִלֵּל) er ein moshav for ei gruppe arbeidarar i tårn- og palisade-busetjinga i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Mevo'ot HaHermon regionale kommune. Han ligg på vestbreidda av Nahal Snir (Hasbani), kring 5 km frå Kiryat Shmona. Moshaven er kalla opp etter dr. Hillel Yaffe, ein lege som immigrerte til Israel under den andre Aliyah.
Beit Hillel | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
![]() Beit Hillel | |||
Wikimedia Commons: Beit Hillel | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1940 som ein av Ussishkinfestningane av ei blanda gruppe immigrantar frå Europa og innfødde israelarar, men vart fråflytta etter få år. I 1949 vart han busett på ny av tidlegare soldatar.
I dag bur det kring 300 familiar i landsbyen, som lever av jordbruk, kuhald og turisme.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Beit Hillel» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: