Beit Keshet
Beit Keshet (hebraisk בֵּית קֶשֶׁת, tyder Bogehuset) er ein kibbutz i Nedre Galilea i Israel som høyrer til Nedre Galilea regionale kommune.
Beit Keshet | |||
landsby | |||
Trehytta til den tidlegare israelske presidenten Yitzhak Ben-Zvi i Beit Keshet.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nedre Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1944 | ||
- Grunnlagd av | HaNoar HaOved-rørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Beit Keshet | |||
Wikimedia Commons: Beit Keshet | |||
Beit Keshet vart grunnlagd i 1944 av ungdommar i HaNoar HaOved, som fekk opplæring ved Kfar Tavor jordbruksskule.[1] Under grunnlegginga av kibbutzen, slo ei gruppe emigrantar som var ein del av ungdomsrørsla HaMahanot HaOlim og ferdigutdanna ungdommar frå Kadoorie jordbruksskule kibbutzen. I følgje Jewish National Fund tente meir enn halvparten av den første gruppa i dei jødiske styrkane under andre verdskrigen.[1]
I 1947 hadde Beit Keshet eit folketal på over 100. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 prøvde libanesiske og syriske soldatar å erobre Bet Keshet og den nærliggande Sejera i kampar som Jewish National Fund kalla «harde».[1]
Namnet kjem frå 2. Samuelsbok 1:18 i Bibelen: «...og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen».», Det var ein referanse til slaga til Deborah, som skal ha budd i området.[2]
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Beit Keshet» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 20–21.
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.114, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)