Beit Mery
Beit Mery (arabisk بيت مري) er ein libanesisk by oppom hovudstaden Beirut. Byen har vore ein feriestad om sommaren sidan fønikarane og seinare romarane. Namnet kjem frå arameisk og tyder «Huset til herren min». På ein av dei tre åsane kring Beit Mery (sør for byen) ligg ruinane av gamle fønikiske og romerske tempel. I dag står ei kyrkje og eit kloster over den øvre delen av det gamle romerske tempelet.
Beit Mery | |||
بيت مري | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Matn distrikt | ||
Høgd | 800 moh. | ||
Koordinatar | 33°51′56″N 35°35′43″E / 33.8656°N 35.5953°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961-4 | ||
Beit Mery 33°51′56″N 35°35′43″E / 33.8656°N 35.5953°E | |||
Kart som viser Beit Mery.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Mery |
Kvar vinter vert den årlege Al Bustan-festivalen halde her,[1] med internasjonale drama- og dansegrupper, i tillegg til orkester og kammergrupper.
Innbyggjarane i Beit Mery er hovudsakleg kristen (maronittar, gresk-ortodokse, gresk-katolikkar, armensk-ortodokse) og drusarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Mery» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: