Beit Yosef i Israel

Beit Yosef (hebraisk בֵּית יוֹסֵף) er ein moshav nord i Israel i Beit She'an-dalen. Han høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune, og ligg kring 8 km nord for Beit She'an, like ved Yardena.

Beit Yosef
moshav
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune
Koordinatar 32°33′30.95″N 35°33′6.11″E / 32.5585972°N 35.5516972°E / 32.5585972; 35.5516972
Folketal 433 (2015)
Kart
Beit Yosef i Israel
32°33′31″N 35°33′06″E / 32.558597222222°N 35.551697222222°E / 32.558597222222; 35.551697222222
Wikimedia Commons: Beit Yosef

Historie endre

 
Flyfoto.[1]

Beit Yosef vart grunnlagd i 1937 som ei tårn og palisade-busetjing reist under arabaropprøra 1936-1939.[2] I 1947 hadde han eit folketal på over 200.[2] Han vart fråflytta under den israelske sjølvstendekrigen og vart hard angripen av den jordanske arabiske legionen og den irakiske hæren.

Moshaven vart grunnlagd på nytt i 1951 av emigrantar til Israel frå Kurdistan og Irak. Han er kalla opp etter Yosef Aharonovitch, som var ein viktig person i Arbeidarpartiet og journalist.[2]

Kjelder endre

  1. Allon, Yigal (1970) The Making of Israel's Army. Vallentine, Mitchell - London. ISBN 0-853-03027-8. Between s.52-53
  2. 2,0 2,1 2,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 24.